torsdag 1. september 2011

Piratar i Bjørgvin, og nokre kvinnfolk

Piratar er jo noko av det kjekkaste som finnes. Kven likar vel ikkje piratar? Alle drøymer om ein dag at ein eller annan vassekte pirat skal komme til vestlandsbygda dei bur i for å plyndre og valdta med eit glis om kjeften. Er ein heldig får ein kanskje litt merksemd frå karen sjølv! Det speler inga rolle om det er ein spanjol, ein fråfallen britisk sjømann eller ein somaliar i slitt t-skjorte som vifter med kalashnikov og machete - piratar er simpelthen fascinerande vesen. Og sidan dei er fascinerande vesen, har sjølvsagt mullaen brukt litt meir enn vanleg tid på å snoke på kven dei eigentleg er, eventuelt var. Dette er eg ikkje åleine om, og det er fleire eg gjerne ville ha trukke fram som kan fortelje langt meir utdjupande og interessant om temaet enn meg, men så var det eg som var tilgjengeleg då den lokale studentradioen ville snakke om temaet i sitt nye radioprogram: Gult kakestykke. Heilt presist prata eg litt om Anne Read og Mary Bonny, dei to kvinnelege piratane som segla (og låg) under Calico Jack. Her er det jo mykje rart å fortelje, men i dette programmet haldt eg meg til det mest sentrale. Trekantdramaer.

Om eg skulle ha valt sjølv kva eg skulle fortelje, så er det ein snasen godbit frå Captain Charles Johnson si bok A General History of the Robberies & Murders of the Most Notorious Pirates frå 1724, som er det opphavelege standardverket om piratane i karibien då dei var på sitt beste. Den mystiske Johnson samla inn informasjon frå vitner og rettsavhøyr og satt saman denne boka med livshistoriene og rulleblada til dei mest kjende piratane i si tid. Deriblant desse to tøttene. Som dei fleste forfattarane i hans tid kan språket hans vere litt vanskeleg å gripe fatt i, men tidvis så glimter han til med dei mest herlege formuleringane. Og ein av dei har vore brennt inn i mitt medvite sidan første gong eg las boka. Det er frå historia til Anne Bonny, eller rettare sagt om farens ekteskaplege problem. Det heile er frykteleg intrikat, og vi kan ikkje gå i detalj på alt, men det er ein episode som er så vakkert og tidsriktig skjildra at ein berre må takast med. Faren til Anne Bonny vart mistenkt av kona si for å ha eit forhold til tenestepiken, og ein gong medan han var ute på eit av sine fylletokt, vart tenestepiken sendt vekk av kona. Og kona la seg i tenestepikens seng, og venta der då mannen kom heim, god og brisen. Captain Charles Johnson skriv:
"The husband came to bed, and that night played the vigorous lover; but one thing spoled the diversion on the wife's side, which was, the reflection that it was not designed for her; however she was passive, and bore it like a Christian."
Ein kan seie mykje rart om våre forfredre, men dei hadde faen meg klasse. Sjølv midt i ekteskapleg konflikt. Mora til Anne Bonny vart sjølvsagt tenestepiken, som hadde blitt gravid på dette tidspunktet. Kona til faren vart gravid den kvelden. Og vel... ja, som sagt, det er ei lang og intrikat soge som stiller Hotell Caesar til skamme.

Om du vil høyre om korleis det gjekk med Anne Bonny, og korleis ho forelska seg i Mary Read i manneklede, så er det berre å laste ned podkasten her. Der kan de òg høyre om korleis Bjørgvin vart offer for piratar.

1 kommentar: