søndag 18. september 2011

Slapp søndag

For eit par veker sidan var det ein harmonisk søndag, og førre søndag var det tiårsmarkeringa for 11. september. Sistnemnte lot vi naturlegvis forbi gå i tystnad, då ein har sagt det meste som trengtes å verte sagt dei siste ti åra, og alt som attstår er fornuftige menneske som prøver å overhøyre den etterkvart keisame straumen av konspirasjonsteoriar.

Så denne søndagen er ein slapp søndag. Ein skikkeleg slapp søndag. Ein så slapp søndag at det eigentleg hadde tenkt å skrive om uteblir. For eg gidd ikkje, eg vil heller slaure vidare med ei god bok etter fleire desperate forsøk på å skrive både blogginnlegg og notatar til andre skriveri. Det er simpelthen ein slapp søndag. Ein søndag som dette:
Ikkje spør meg kvar biletet kjem frå, kven som har tatt det eller om eg har lov til å nytte det. Det berre låg her og slangt, så eg brukte det. Så slapp er denne søndagen.

Dessutan er kattebilete fritt vilt på internett. Det er eg sikker på at eg las ein eller annan stad.

Eg skulle ha funne det fram til deg.

Men eg er slapp.

Det er ein slapp søndag, skjønner du.

Har du hatt ein slapp søndag, lesar?

5 kommentarer:

  1. Jeg har ikke hatt en slapp søndag. Min søndag har vært ganske stressende og jeg har vært på jobb... Det er utrolig mange mennesker som reiser på søndager... Nå er jeg ferdig på jobb og på vei hjem for å få servert fiskegrateng :-)

    SvarSlett
  2. Her har det vært en slapp dag - stort sett tilbrakt på sofaen med en eller flere katter drapert på mage og lår.

    Men - er det virkelig slik at kattebilder er fritt vilt? Jeg vil da gjerne ha copyright til mine kattebilder.

    SvarSlett
  3. Fjoffa: Folk reiser på søndagen i desperasjon om å komme seg vekk før måndagen kjem og tar dei... men dei slepp aldri unna!

    Leda: Altså om du ser rundt på internett, så tyder på at kattar er fritt vilt. Og det er jo forståeleg. Kattane tilhøyrer oss alle ;-)

    SvarSlett
  4. hahah! fantastisk bilde!
    En slik søndag har jeg HVER søndag;)

    SvarSlett
  5. Du er eit heldig lite kattevesen altså? Vi andre sitt diverre og jobbar på søndagane. Stort sett.

    SvarSlett