måndag 10. oktober 2011

Ålesunder svikta av skulesystemet, flukter frå hovudstaden

Sinte unge menn kan gjere så mangt; seie så mangt; og skrive så mangt. Det har vi jo alle sett den siste tida. Det er jo ein del av dei der ute, det har vi klart å observere i eit og anna kommentarfelt. Merkeleg nok, og heldigvis, har dei aldri funne vegen til vår moskè i stort hopetal, men det er vel berre flaks. Ein av dei sintaste av dei unge mennene der ute, er den etterkvart vidkjende Peder Are Jensen frå Ålesund, alias Fjordman. Denne ivrige misbrukaren av tastatur og oksygen lova oss å slutte å blogge etter at han vart implisert i Breivik sin udåd. Ikkje lenger skulle han begeistre sine tilhengjerar med tilfeldig samansatte setninger.

Men det varte ikkje lenge gitt. For når unge menn vert sinte så må dei slå, begå hærverk eller skrive usamanhengjande og sende det avgarde. Og eit innlegg av min venn Øyvind Strømmen om den tredje bølgja av høgreradikalisme fekk det Fjordfjolset til å sjå raudt, og hamre over tastaturet med potane sine. Korleis våger Strømmen å anklage han for å vere nazist, alle veit at det er muslimane som er nazistar, og alle på venstresida! Tilsvarsretten skulle nyttast, og han sendte avgarde teksten til Aftenpoften, som etter nokre timar måtte erklære teksten for usamanhengjande og uleseleg og avvise den.

Sensur! Sensur! roper Fjorddraugen! Dei vil ikkje trykke sludderet hans! Så då får han nesten BLOGGE!

Fy faen, og vi som trudde vi skulle sleppe å lese hans indignerte, pseudointellektuelle pølsevev i minst eit halvt år til. Jaja, skamvet har han ikkje! Her prøver han på sedvanleg klumsete vis å sette skapet på plass på taket der han meiner det høyrer heime. Han er jo ingen nasjonalsosialist! At ingen har kalla han det, heller ikkje Strømmen i sitt innlegg, ser ut til å gå han hus forbi. Strømmen skriv i sitt innlegg om høgreradikalisme og høgreekstremisme etter andre verdskrig, der den første bølgja var å rekne som nynazistisk, og den andre bølgja apekattar som var i mot innvandring, så er då altså den tredje bølgja ein rabiat og paranoid antijihadisme, med band til enkelte nyfascistiske miljø.

Altså, inga anklage om nazisme. Men nazisme stod i teksten. Ordet var der. Og vi byrjar med dette å forstå korleis dei tenkjer i dette antijhadistiske miljøet rundt ålesunderen. Der andre ser tekst med meining, ser dei ord som dei kan sette saman slik at det passar dei, evt. ikkje passar dei slik at dei vert sintare. Likeeins vert det at teksten deira er uleseleg og difor avvist av redaksjonen sensur, og ein gigantisk konspirasjon frå marxistane i Aftenpoften si side.

Det er ikkje rart at tosken må flytte frå hovudstaden, det er berre plass til mange enorme idiotar der, og dei har brukt opp kvota for lenge sidan. Og sidan det ikkje er lett å flytte (tru meg, det har eg full forståing for) tyr han på ny til blogging for å få hjelp. Jupp, han har byrja å tigge etter pengar til flyttesjauet på nett.

Eg veit ikkje om eg skal le eller grine. Fjordman har gått frå vekkelsespredikant til svovelpredikant og er no blitt ein tredjerangs TV-evangelist no. SEND ME YOUR MONEY, NOW!

Det heile kan sjølvsagt forklarast med at ålesunderar er det norske svaret på skottar. Og Peder Are Jensen er ein frykteleg stakkarsleg kar, som gjev oss den ære å kunne følgje med på hans forfall online. Takk. Dust.

9 kommentarer:

  1. En ting eg lurte på. Må man skatte av sånne donasjoner? Eller er tigging skattefritatt?

    SvarSlett
  2. Han har ikke lenger noen jobb sier han, og antyder at dette skyldes at han ble knyttet så sterkt til ABB. Men har han fått sparken? Her må noen grave litt tror jeg?

    SvarSlett
  3. Jeg klarte ikke å dy meg.
    Alternativt formål:
    Skamløs tigging

    SvarSlett
  4. Om ein skal kreve å få publisert tilsvar til noko som har stått på trykk, må ein vel faktisk ha eit svar, må ein ikkje? Eg tenkjer det er derfor det kjem eit "svar" etter "til" i ordet.

    Det som er kritikkverdig er Aftenposten ikkje har evna å fortelle mannen at han har levert ein sørgeleg tekst som i liten eller ingen grad svarer på Strømmens kronikk.

    SvarSlett
  5. @Ørjan: Tigging er fritatt skatt, ja. Berre sjå på staten eller NRK, må dei betale skatt på avgifter og lisens?

    @Hjorthen: Han antyder det, ja. Men eg har ikkje sett noko anna som tyder på det.

    @Kristian: Ja, fungerar det då?

    @Bad Mynock: Dei burde trykt det som lesarbrev, og ingenting anna.

    SvarSlett
  6. Men noen bør jo grave og finne ut hva som har skjedd sånn at ikke alle tullingene begynner å rope opp om ytringsfrihet og yrkesforbud her!

    SvarSlett
  7. Han nekter å la seg intervjue, så da er vel det toget gått?

    Dersom han faktisk har blitt sparket, er det ille - men dokumentasjon mangler.

    SvarSlett
  8. @Mad Mullah Hastur: Fetteren min ga meg en bursdagspresang via paypal, men ut over det har jeg ikke fått en krone. ;)

    SvarSlett
  9. Skjønner godt at de ikke trykket det skribleriet der. En 5. klassing kunne skrevet bedre.

    SvarSlett