Heilt sidan eg i førre månad uttrykte eit ønskje om ein rosa scooter til å dekorere med Hello Kitty for å kunne lettare tiltrekke meg ei kvinne, har nokon funne det best å torturere meg med denne godsaka:
Der står den. Tidleg og seint. Heilt åleine. Parkert. Og fristar meg. Kvar dag. Ingen har henta den, ingen har køyrd den. Den står berre der. Og ventar på at eg skal ta den med meg heim, vaske den kjærleg, stryke varsamt og dekorere med stil. Den ber om det. Som ei bibelsk skjøge med prislapp rundt halsen, inviterar denne deilige scooteren berre til at eg skal ta henne heim, ri henne inn i solnedgangen og gjere til min for evig alltid.
Men eg held stand. Ho er ikkje mi. Og eg veit rett frå gale.
Inntil vidare.

hmmmm,
SvarSlettJeg trodde midtlivskriser vanligvis avfødte noe mer potent surrogat mellom beina til menn. Bortsett fra at du også her muligense koketterer, har du ettertrykkelig erklært deg som scooterfetishist. Pga fargevalget OG de bibelske allegoriene fortjener du sannelig en rauncy riddle.
"What's the similarity between a fat girl and a scooter"...........?
...
....
.....
"Both are fun riding until a friend spots you"!
Cassanders
(Sorry, couldn't resist)
Akk, du Cassanders, du Cassanders! Eg driv då ikkje med kokketteri? Eg forkynner den gode smak!
SvarSlettOppdatering på scootersaka kjem snart.