Det fører lett til enkle og kjappe løysingar; av type ferdigmat og halvfabrikat. Ein prøver jo å finne kvalitetsversjonar av det, men det er ikkje alltid like lett. Og når inspirasjonen er like forsvinnande lita som pengebehaldninga vert gjerne frossenpizza eit alternativ. Og det er verkeleg ikkje bra. Det finnes gode frossenpizzaer, og det finnes dårlege frossenpizzaer, men eg har vanskeleg å sjå for meg frossenpizza som er av kvalitet, eller på eit eller anna vis sunn. Og eg likar jo trass alt å ete sunt.
Eg vert snøgt lei av pizza av all slag, men eg kjenner folk som faktisk ikkje berre et Grandiosa, men likar det, og et det så ofte som mogleg. Eg kjenner folk som tykkjer Peppes er ein restaurant. Og eg kjenner folk som ville ha spist pizza kvar dag om dei kunne. Det er nok folk som det som har funne opp denne maskina.
Og det er nok dei same folka som tenkjer å bruke det. Folk som vil ha pizza. Dei vil ha pizza no. Og dei vil ha pizza for ein kvar pris. Uansett tilstand.
Overraskande nok er det ikkje eit japansk konsept, og du finn produsenten i Storbritannia. Så her må vi gå i oss sjølv, og vurdere korvidt britane er pittelitt pizzagærne. Opphaveleg kjem maskina frå Italia, der vi veit at folk er gærne nok etter pizza til å faktisk ha funne opp matretten. Kva har dei å seie til sitt forsvar?
Let’s Pizza kneads the dough, forms a round, adds tomato sauce, layers toppings – and then bakes it all in front of your very eyes. There are no frozen pizzas here; Let’s Pizza is a mini-pizzeria that’s open 24 hours a day!Ooookay... og dei hevdar altså at ingrediensane er ferske. Kor ferske er dei? Er tomatane lagt inn i maskina kvar dag? Er dei liksom-ferske, altså frosne? Og er dei sunne? Leverar dei til moskear?
It’s that simple – we’re revolutionising the hot food vending industry! Delivering reliable pizza vending for food outlets, coffee shops, universities, student accomodation, colleges, caterering companies, events, budget hotels, independent businesses…the list goes on. Thanks to its unique design and solid business proposition, the Let’s Pizza vending machine is being widely adopted in public venues and at private events.
Ikkje at eg har lyst til å ha tilgang til pizza kvar dag då, men eg vert så frykteleg nyfiken! Kan nokon der borte i England finne ein slik og teste ut for meg, gje meg ein rapport?
Altså, ikkje fordi, som sagt, at liksom, eg er interessert i ein slik pizza. For eg et jo slikt berre når eg må, så klart. Eg er jo sunn, men travel. Travel, men skulle vore sunn... Så automatpizza er nok rimeleg uaktuelt for meg, ja. Anna enn... ja, altså... om det var fordi eg ikkje hadde tid til anna, og eg var skrubbsvolten, eller eg måtte... altså... ja, du veit... prøve når maskina først var der...
Fillern heller! EG VIL HA!
Altså, ikkje fordi, som sagt, at liksom, eg er interessert i ein slik pizza. For eg et jo slikt berre når eg må, så klart. Eg er jo sunn, men travel. Travel, men skulle vore sunn... Så automatpizza er nok rimeleg uaktuelt for meg, ja. Anna enn... ja, altså... om det var fordi eg ikkje hadde tid til anna, og eg var skrubbsvolten, eller eg måtte... altså... ja, du veit... prøve når maskina først var der...
Fillern heller! EG VIL HA!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar