tysdag 18. oktober 2011

Innelåst med meg

Eg held som kjendt til i eit vertikalt boligkompleks, dvs. ei blokk. Den er gamal, stygg og fyllt med skadedyr av båe menneskeleg og anna slag. Og det er difor eit pågåande prosjekt å finne ein annan stad å slå leir. Eit problem som har vedvart sidan eg flytta inn her er sjølvsagt innbrot i bodane våre, drap og anna lyssky aktivitetar. Staden har simpelthen gått til hundane etter dei la ned bordellverksemda her. Dette har sjølvsagt vore til store frustrasjon for eigarane av blokken.

Men dette er kloke hovud må du vete, dei har sikkert gått på BI og slikt, og har difor den beste løysinga på det. Dei fiksar låsen på hovuddøra, slik at den alltid er låst!

Ei hake ved dette er at postvesenet ikkje er tatt med i samtale på dette... så no kjem ikkje postmannen seg inn, og har ikkje gjort det på ei veke. Og sidan bråkmakarane, drapsmennene og dei generelle skadedyra bur i blokka... så, vel. La oss oppsummere: Døra er no låst, med problemfolka på innsida, og vi får ikkje post. Beste løysinga nokon sinne!

Dette er openbart ikkje eit problem, for det er ikkje eg som er innelåst med avskummet, det er dei som er innelåst med meg, som ein reaksjonær forfattar ein gong sa så pent. Så dette går seg nok til, og om ikkje balltreet er avskrekkande, så har eg ein paraply altså. Og hatt. Og kven vil vel bli slått med paraply av ein gentleman i hatt? Dette går så bra så.

La meg berre ta ein kikk på boligannonsane...

I dag kunne forresten postmannen snike seg inn døra, og ikkje berre var det eit par snasne plater frå Tyskland og Polen i postkassa då eg kom heim, men òg dei nyaste numra av Fri Tanke og Samora som beggje inneheld tekstar av underteikna. Ein om World Peace Game og ein annan om dei urimelege menneska. Spring og les, på eit vis.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar