Mullaen vurderar å flytte moskeen til ein stad han har plass til fleire bøker, det har seg slik at det på eit eller anna punkt sikkert er ønskjeleg å dele senga med meir enn boksamlinga si. Kjøpet av ein Kindle har stogga flaumen av fysiske bøker litt, og lagring på moskeens kontor er sjølvsagt òg veldig avlastande, men til sjuande og sist er det snart ikkje plass til min vom i moskeen lenger, og enno mindre dei enorme massane med tilhengjerar som gjerne vil foreta sin bønn i mitt nærver. Så difor vert det kikka på leiligheiter, anten det no er til utleige eller til sals, alt er aktuelt i desse tider.Så her sitt eg altså, og surfer på annonser, glor på prospekt og studerar fotografi. Ein kan ta seg sjølv i å stusse i kvifor nokon er så opptekne av å ta bilete av bygget og nabolaget, men det er vel gjerne fordi det er koseleg der, ikkje fordi leiligheita er eit kott som er umogleg å fotografere frå fleire vinklar medmindre ein stillar seg utanfor vindauget.
Har dei fjerne bøkene før dei tok bilete? Er det slik at det er usømmeleg å vise sine bokhyller, å vise teikn til smak og intellekt i ei bustadsannonse? Eller er det slik at desse menneska simpelthen ikkje les? Det får meg til å sveitte å tenkje på. Særleg i dei tilfelle der bileta er organisert av eigedomsemklerar. Dei har ein klar filosofi bak korleis dei framstiller leiligheita, og denne filosofien utelukkar bøker og bokhyller. Er det livsverda til eigedomsmeklerar vi er vitne til her? Ei verd utan bøker, utan den store og trivielle litteratur? Om dette stemmer er eg usikker på kor mykje eg vil omgås dei, for ein av vår tids store filosofar har sagt ein veldig klok ting om menneske utan bøker:
Så det er klart... ha aldri sex med eigedomsmeklerar. Dei er ikkje verdig din kjønslege kontakt, dei har ikkje bøker som ein del av si livsverd.

Da vi skulle flytte sist gang måtte ting skje veldig fort. Altså, vi kunne ikke pakke ned bokhyllene selv, så det måtte flyttefolkene gjøre. Flyttefolkene i dette tilfellet var en pakistaner og to polakker. I utgangspunktet er ikke det noe problematisk, men bokhyllen min inneholder altså Mein Kampf, biografier om Hitler og Quisling og en hel haug slike bøker med digre hakekors på.
SvarSlettJeg følte behov for å formidle hva slags utdannelse jeg hadde... Det gikk da greit. Akkurat den biten ihvertfall, måten de behandlet musikkutstyret mitt er en helt annen sak...
Ang bildet over: merk at det er et FORBUD mot en eventualitet, ikke et PÅBUD dersom det motsatte skulle inntreffe!
SvarSlettThule: Du er så altfor fintfølande, hadde du ikkje sagt noko, hadde dei kanskje ikkje rota til musikkutstyret i rein frykt for å verte internert i kjellaren din.
SvarSlettSolveig: Er du sikker? Eg tenkjer eg i det minste er forplikta til å gjere eit ærleg forsøk.
Etter en lang selge- og flytteprosess der samtlige av husholdningens ikke-faglige bøker befant seg i kasser i ukevis kan jeg bare bekrefte utsagnet om hva slags beskjeder man helst får om bøker på meglerbilder: Nix, nei og overhodet ikke.
SvarSlett(Aldri så galt at det ikke er godt for noe: en kollega av det svært sympatiske slaget ble så forferdet at han lånte meg de bøkene som nå blir lest i ledige stunder. Mens de andre gradvis og i etapper kommer ut av kassene igjen.)
Dette stadfestar og styrkar min resolusjon om aldri å ha sex med ein eigedomsmeklar. Det er openbart noko i vegen med dei.
SvarSlettDu burde skaffe deg eit lesebrett av eit slag mann.
Jeg vet hvor alle bøkene er. De er i kjelleren. I hele vår pløyde jeg gjennom prospekter med pene, lyse, attraktive sjeldne sjanser med stort potensiale, stylet så de så helt like ut. Men, siden jeg gjerne ville se den tekniske tilstanden på blokkene ba jeg også alltid om å få se på kjelleren. Noe meglerne sjelden hadde nøkkel til, selv om de toer sine hender ved at man i budet skriver under på at man har besiktiget eiendommen. Men, noen ganger hadde de nøkkel. Da var boden alltid stappfull, og bøkene er sannsynligvis et sted inne i det svarte hullet.
SvarSlettEtter flyttinga og gårsdagens besøk i Billy-avdelingen på Ikea er jeg forøvrig blitt sterk tilhenger av e-bøker.