torsdag 20. oktober 2011

Rosa einhjørninger og folket i den digitale sfære

Eg sitt og pirker her i materien for eit splitter ny og akademisk førelesing som skal presenterast i neste veke, om populærkultur og det digitale. Eg har to timar på å peike, teikne og forklare allskens rare fenomen og tingelingar. Mitt perspektiv er som alltid folkloristisk, og mitt poeng er og blir at kulturen er og blir den same, prosessane stadig dei same, men at tempoet aukar i takt med nye og betre kommunikasjonsmiddel (jamfør Alan Dundes sin klassiske artikkel, 'Who are the folk?').

I den samanheng har eg to oppmodingar til dykk! Fortel meg kva internett fenomen som de meiner er HEILT naudsynt å verte tatt med i ei slik framstilling? Det er jo openbart at eg ikkje kan ta med alt, eller at eg kan hugse alt, så difor tenkte eg at eg skulle la dykk bestemme! Så veeer så snill å fyll kommentarfeltet mitt.

Den andre oppmodinga er; fortel meg kva eg kan bruke denne videoen til å illustrere:



FLØFFI FOR SVARTE SVINGANDE!

13 kommentarer:

  1. Jeg hater deg. Jeg har hatt denne sangen på hjernen siden 13:21 i dag og får den ikke ut selv når jeg nynner Rule Britannia kjempehøyt.

    SvarSlett
  2. Det kan eg tru. Det er essensen av god folkekultur, er det ikkje?

    SvarSlett
  3. lolcats, selvfølgelig. og 4chan.

    Se forøvrig: http://www.ethanzuckerman.com/blog/2008/03/08/the-cute-cat-theory-talk-at-etech/

    SvarSlett
  4. Lolcats er sjølvsagt obligatorisk. Skal kose meg med den presentasjonen, såg interessant ut. Takk.

    Men 4chan? Kva vinkling? Som uformell samankomst av folk?

    SvarSlett
  5. Ville brukt videoen som en icebreaker

    SvarSlett
  6. Reddit, hvor popularitet og mangel på sådan er lynraskt og nådeløst offisielt.

    SvarSlett
  7. Denne videoen er eit pregnant døme på korleis den tradisjonelle redaktørfiguren er meir eller mindre fråverande på verdsveven.

    Vidare er videoen eit døme på interaksjon mellom utøvar og publikum, i dette tilfelle mellom ein artist og hans publikum. Musikkverket vart til ut frå ein setning i kommentarfeltet på føregåande verk, og artisten oppmodar publikum til å koma med fleire framlegg. Denne interaktiviteten kan minna om det ein ser i enkelte delar av den elektroniske litteraturen, men ein kan òg trekkja parallellar til den kultur (musikk og litteratur) frå tida før masseproduksjon av bøker og CD-plater, då skiljet mellom utøvar og publikum ikkje var like tydeleg og hierkarisk som det er i dag.

    Verdsveven er full av rosa einhjørningar.

    Sånn, der har du det, no må du berre bestemma deg for kvar i førelesinga du skal visa dei videoen. Det kan henda dei vert litt distrahert, så det er sikkert ikkje lurt å ta det i starten.
    - og neste gong eg ser deg må eg slå deg litt med paraplyen. den videoen var, hm, ufin.

    SvarSlett
  8. Behovet for gode tannleger?

    SvarSlett
  9. De forbaska feelgood-kjedemailene med kvasifilosofi og annet kvalmende søtt er vel verdt en bisetning?

    SvarSlett
  10. @Anonym 20. oktober 2011 17:47: Eg har ein langt kjekkare video eg skal bruke som isbrytar gitt.

    @Ina: God idé, eg skal sjå om eg kan inkorporere det. Treng det rette teoretiske grunnlaget for det.

    @Anonym: Brukerperspektiv og anarki, baby. Det er essensen av det vi snakkar om når vi snakkar om folkekultur, folklore og populærkultur på nett. Du burde komme innom og høyre på ;-D

    @Svein: Eh... sjølvsagt

    @Anonym 20. oktober 2011 22:09: Eh... joa, men det er litt utanfor temaet eg har blitt bedt om å snakke om.

    @Kee: Absolutt, det høyrer med.

    SvarSlett
  11. Vel, om vi skal ha korelasjon mellom internett meme og smakløse videoer er Two Girls and a Cup lett å tenke på. Kan også brukes som metafor på nettets utvikling av mennesket, reint misantropisk.

    SvarSlett
  12. Two Girls and a Cup vart henvist til i førelesinga, men er ikkje slikt denne mullaen vel å vise til folk.

    Og det seier lite om menneskets utvikling, men seier mykje om kva vi er. Vi menneske har alltid vore slik.

    SvarSlett