onsdag 26. oktober 2011

Saftig Biff

Førre veka braka den tolvte årlege Bergen Internasjonale Film Festival laus. Noregs største filmfestival, med hovudvekt på dokumentarfilmsjangaren, har blitt eit årleg ritual. Eit like årleg ritual som det at eg ikkje får sett alle filmane eg har lyst til, fordi eg har andre plikter. Det var dette med jobb og slikt, førelesinger som må førebuast, og studentar som må tilsnakkast. I år som alle år tidlegare har eg simpelthen vore nøydd å prioritere andre ting, og heller prøve å få meg ein liten dose dokumentar, ein liten dose drama og ei liten dose WTF?!

Det er ikkje lett seier eg, når kinosalane lokkar med nær 180 filmperler frå inn og utland, og eg har gratisbillettar som brenn hol i lomma. Men eg klarte det. Eg klarte å fokusere på jobb.

Diverre.

Men noko film såg eg jo. Så la meg presentere Mullaens filmliste frå BIFF 2011. Vi startar med opningsfilmen, Carnage av Roman Polanski som varma opp for opningsgalla og filmfestival.

Her vert vi presentert for to ulike borgarlege ektepar, som treffast for å snakke om ei konflikt mellom deira to søner. I løpet av filmen bryt dei kvarandre ned, og den høflege fasaden smuldrar opp, i fyll og spetakkel. Mullaen kjenner seg att i beggje dei to mannlege karakterane, og meiner å ha sagt eit par av dei same tingene som dei i festleg lag. Jodie Foster er aldri dum å sjå på heller.

Så måtte vi roe ned med noko Cubansk. Jose Marti: Kanarifuglens auge, om den poeten og frigjøringskrigaren frå 1800-talet.



Filmen er ein del av ein serie som fortel historiene til kjende latinamerikanske frigjerarar. Denne filmen fortel om Jose Marti, ein av Cubas store søner som gav sitt liv i kampen mot Spania. Sjølve filmen fortel ei heilt anna historie, historia om hans barndom og ungdom, om korleis han oppdaga livet, strida og poesien. Ein fin film, og eit greit avbrekk frå Hollywood.

Eg kan ikkje anna enn å varmt anbefale Super av James Gunn, medregissøren av Tromeo og Julie og (av ein eller annan uforklarleg årsak,) manusforfattaren til Scooby Doo-filmen.



Likte du Kick-Ass, så vil du elske denne historia om taparen Frank som prøver å verte superhelt for å vinne attende sin narkomane kone. Resultatet er eit blodig søl, og fantastiske komplikasjonar, og ei utruleg forstyrra, og kåt, ungjente som sidekick. Og når du i tillegg får nyte Kevin Bacon (som skurk) og Nathan Filion (som Guds eigen Holy Avenger)... så er det ikkje noko spørsmål om korvidt du bør sjå filmen, men kor lenge du har tenkt å vente med å få fingen ut.

Etter så mykje moro var det på tide å roe ned med Womb. Ein av dei filmane du ser fordi den kan utfordre deg intellektuelt, men som likevel etterlet deg med ei kjensle av at du eigentleg har blitt utsatt for ein eller annan stillferdig pervo sine fantasiar.



I den mannlege hovudrolla får vi servert Matt Smith (den ellevte doktoren), og det er jo interessant å sjå i seg sjølv kor mykje eller kor lite han er farga av sin rolle i Doctor Who. Filmen fortel historia om to barn som finn kvarandre, så mister kvarandre, finn kvarandre att i 20-åra, og så døyr han. Så langt, så trist. Så kloner jenta guten, fødar han og oppdrar han som sin son. Truleg i naiv tru at det ho verkeleg ville var å ha han i sitt liv. Jajo, i sitt liv og i sitt liv, fru blom. Det kan berre gå ein veg i denne filmen, ver førebudd på å ville vaske deg etterpå, medan du sitt og grublar på filmens bodskap.

Det var med dette på tide med litt dokumentar! Og ein av årets must-see filmar slik sett var A Complete History of My Sexual Failures. Med ein tittel som det, må det bli bra.


¨
Og det gjer det. Til dei gradar. Og du må nesten stille spørsmålet om kor mykje av dette er iscenesatt. For ein større impotent slask enn filmskaparen skal ein leite lenge etter, og at alle desse kvinne forlot han er lett å forstå frå første stund. Det vi ikkje heilt får taket på, er kvifor dei vart involvert med han i utgangspunktet... det seier noko usedvanleg skummelt om den moderne kvinne om så mange kvinner har ignorert det openbare førsteinntrykket av denne mannen. I løpet av filmen tar du deg sjølv i å godte deg når ein domina utsett han for balletortur. For han forten det verkeleg. Gå og sjå, for slapp tiss, sjølvmedlidande og sjølvdestruktiv taparverksemd og... vel... sosialpornografi.

Eg fekk og plass til eit lite australsk drama oppi det heile, med Sleeping Beauty. Ein film som... som... som...



... som.... som... som... Altså, eg skal ikkje prøve å forklare bodskap og det eigentlege innhaldet i filmen, for det trur eg ikkje at eg er i stand til. Vi følgjer ei vakker unge jente, ei veldig vakker ung jente, i det ho tar seg hyre som servitrise i undertøyet, seinare vert ho leigd inn for å sove. Å sove i same seng som eldre menn. Det er det. Ein visuelt tiltalande film, med mykje rart under overflata. Du vil anten hate den, eller storkose deg. Eg koste meg.

Filmen som vart vist under prisutdelinga var Todd Solondz sin Dark Horse med mellom anna Mia Farrow og Christopher Walken. Ein film i vant Solondzstil.



Filmen er i utgangspunktet eit karakterstudie. Eit studie av ei rekkje triste menneske som er fanga av liva sine. Slik at vi kan le av dei. Vi følgjer den tykkfalne Abe som finn ut at han vil gifte seg med ei jente. Det er openbart at ho gjev faen i han, men ho har ikkje noko betre å ta seg til. Eit fantastisk grunnlag for eit forhold, ja? I tillegg er Abe i ein stadig konflikt med sine foreldre, som han framleis bur hjå trass av at han er ein godt vaksen mann. Han jobbar i farens firma, oppførar seg som ein bortskjemt tenåring og samlar på leiketøy. Foreldra på si side lurar på korleis dei kan gjere han meir uavhengig. Slik som hans yngre bror. Legen. Christopher Walker er ukarakteristisk lågmælt og stilleståande i filmen, og han gjer det usedvanleg godt som gamal gubbe!

Den store vinnaren på prisutdelinga var nok dokumentaren The Bully Project som fekk båe ungdommens filmpris og publikums filmpris. Dette er ein dokumentar som nok bør sjåast av eit godt antall menneske her i landet.



Det er mobbing som er temaet, og det vert tatt opp på eit ærleg vis som rørte store delar av sitt publikum. Her følgjer vi mobbeoffer, som vert mobba framfor synlege kamera simpelthen fordi ingen autoritetar bryr seg. Her møter vi foreldra til born som har tatt liva sine etter mobbing. Og vi møtar skulane som ikkje forstår problemet i det heile. Mobbing er eit brennheitt tema i heile den vestlege verda, og ein slik dokumentar vil treffe ei nerve hjå ganske mange. Det tyder iallefall mottakinga i Bergen på, og regissøren Lee Hirsch virka litt overvelda mot slutten.

Eg valte å avslutte festivalen på det ein skulle anta var ei lystig tone. Confessions, forteljinga om ei lærarinne som fortel klassen at ho har forgifta to mjølkekartongar med HIV. Jada. det er sjølvsagt japansk dette.



Dette er historia om hemn og attar hemn, der karakterdjupnad vert demonstrert med spesialeffektar, og alle karakterane er splitter pine gærne. Eller asiatiske som nokon vil hevde. Filmen er blodig, brutal, og tidvis veldig, veldig sær. Eg koste meg.

Så, det var, kort fortald, årets saftige Biff. Andre såg nok fleire filmar, men dei har ikkje tatt bryderiet med å fortelje deg om det enno, så ta til takke med det. Så er det berre å vente på neste års servering. I mellom tida er det 60n.

4 kommentarer:

  1. Det jeg likte best her var jo selvsagt merkelappen "Gult er kult".

    SvarSlett
  2. Mye spennende og interessant her. Har sett Super og må kaste meg helhjertet bak mullaens anbefaling. The Bully project og Confessions er vel de jeg umiddelbart er mest nysgjerrig på her men de må vel alle inn på listen min.

    Jeg så også Hot coffee som Frank anbefalte. Siden du nevnte at Biff har fokus på dokumentar, var det ikke flere dokumentarer du var interessert i på årets festival?

    Uansett takk for anbefalingene :)

    SvarSlett
  3. Likte spesielt det du skrev om Sleeping Beauty;)
    PS. Imorgen er det jo den store kinodagen, halv pris!

    SvarSlett
  4. Trur nok ikkje kinodagen er så aktuell, har eit hav av arbeid.

    SvarSlett