tysdag 1. november 2011

Debattar, gode og dårlege, og litt grafitti

Det har vore ein del debattar rundtomkring etter somarens tragedie. Nokre av dei har vore veldig interessante, andre har vore fullstendig meiningslause. Det er openbart at dei spørsmåla som hendingane har framprovosert engasjerar ein del. Det er mykje å gripe fatt i, og mykje som folk treng å få meir kunnskap. Det er ein del av prosessen ved å bearbeide ei tragedie av dette slaget. Sagt stygt, så ønskjer ein altså snakke traumet i hel. Og då grip ein til det ein kan, og nyttar dei verktya ein har. Likevel er det underleg at av alle dei temaene som UiB kunne ha satsa på, så vart det "kjønn i terrorens tidsalder". Eit tema som sikkert hadde vore interessant, men som det einaste temaet å ta opp i etterkant av somaren vert det litt... kleint. Sleng så inn ein debattant, ein ung og kontroversiell bloggar som har forsvart Breivik og ytra eit stadig forsvar for det å valdta unge jenter fordi... vel... han ikkje får seg noko. Så er scena satt. Eg kan ha nemnt noko om sirkus i forkant av debatten, og sirkus fekk vi.

Du kan nyte showet her om du orker. Eventuelt lese ei omtale av det her.

Eg skal ikkje seie for mykje om det, eg trur det kjem klart fram av videoen kor mislukka arrangementet var. Ja, det var mange oppmøtte - rekordmange i salen - men vart temaet drøfta? Var det difor folk var der? Eg vil hevde nei. Folk var uinteressert i å debattere kjønn og terror, dei var mest interessert i å sjå den galne bloggaren som hadde sagt desse rare tingane, og gjerne gå til åtak på han. Kom deg til psykolog ropte ein frå publikum.

Eit sirkus med andre ord.

Ein debatt som eg satt mykje større pris på, var seminaret i regi av Høgskulen i Oslo og Akershus der Lars Gule, Øyvind Strømmen og han skjeggete fyren som utgjev seg for å vere mullaen debatterte høgreekstremisme og debattkultur. Diverre er ikkje debatten etter innlegga med i videoen, men du får gleda av å nyte nesten halvannen time med babbel her. Og eit samandrag av innleggja og diskusjonen i etterkant har min gode veninde Grete vore så vennleg å leggje ut her.

Ein kan jo spørre seg om kvifor ein skal diskutere dette. Er det eit problem? Er det verkeleg så mange rabiate tullebukkar der ute at den pratande klassa må verte mobilisert på dette viset. Eg meiner, ja. Og det er ikkje berre avgrensa til mørke avkroker på verdsveven. Følg med på teselskapa, følg med på gata. Lytt og sjå. Og det virker som om det er mange som ikkje har lært noko som helst av somaren.
I am the God of Hellfire... and I bring you....
Brenn moskeen har nokon skrive. Ein annan har satt piler til moskeen med "islamo-fascisme", eit ynda uttrykk for dei som har mindre intellekt å skrape saman med likevel har eit eller anna anti-islamsk instinkt. Nokon har kryssa over moskeen, og skrive Bergen. Ikkje så mykje betre det heller, sjølv om dei nok vil få støtte frå ein del austlendingar.

Dette er ein av mange slike skribleriar ein finn på veggane rundtomkring. Ikkje alle søpla er å finne i kommentarfelta på verdsveven eller i stygge bloggar, men all søpla kjem frå den same staden - frå nokon sitt hovud og fattige sinnsliv.

Vi har eit stykke att å gå om vi skal sivilisere den norske befolkinga. Om det overhovudet er mogleg. Men debattane vil halde fram, og det er kanskje positivt.


3 kommentarer:

  1. Ut fra skriften på veggen, ser det for meg ut som "Brenn Bergen" var den opprinnelige påstanden, ført i pennen med tilstrekkelig mellomrom til å skvise andre forslag til bål innimellom.

    SvarSlett
  2. Det var vel minst 3 menn med skjegg i panelet. Tilfeldig? Neppe.

    SvarSlett
  3. Arnfinn: Det er berre ein austlending som vil lese det slik ;-)

    Konrad: Det er snikislamiseringa i aksjon!

    SvarSlett