tysdag 8. november 2011

No er det jul att! No er det jul att!

Tida går fort folkens! Julebrusen har vore i butikken i ein månad, så no må pinadø jula vere her! Kven bryr seg vel om kalendermånadane? Dei kan jo openbart vere feil. For når kakemenn og julebrus er å få kjøpt i butikken frå tidleg oktober, så må det tyde at jula vert lagt til november, eller at oktober er lagt til feil tidspunkt i år. Dette overlet eg til handelsstanden, dei kan sin julefeiring, det er trass alt dei som har hatt hand om denne hedenske skikken sidan 1800-talet.

Så den siste månaden har eg altså tilbragt her i moskeen, med ein liten busk som har fungert som juletre, og venta på at julenissen skulle komme med gåver til meg. Eg reknar med dette er noko de alle saman har gjort på. Eg har jo stor tru på at i år skulle vere året då han klarte å riste av seg sitt tungsinn etter skilsmissa og vende attende til arbeid.

Men til slutt måtte sjølv eg gje tapt, og vandre ut i verda for å finne mat og selskap, lei som eg var av å snakke med bokhylla og fantasere om å få føttene mine massert av Geirr Tveit. Og sidan Julenissen sist var buande hjå sin fetter på Nordnes, var det naturleg for meg å vende nasa den vegen. Kanskje han var heime der? Det var han ikkje... dei trudde han var reist attende til Nordpolen.

Hmm... kanskje han var forsenka? Kanskje han var heime hjå meg der og då? Eg fann styrke og von i dette, og skulle til å fare heim att til moskeen då eg såg noko skrekkinngytande like ved trappene ved Nye Carte Blanche og Georgernes Verft!
Kva har skjedd her?! Har han berre mista lua si? Eller har det skjedd noko meir dramatisk? Har han stukke av? Har han blitt ført vekk mot si vilje? Ville han forlatt denne siste rest av sin identitet på bakken frivillig som ein tom ølboks?! Eg tvilar! Noko har skjedd med sjølvaste Julenissen og jula står i fare for å verte avlyst, sjølv om den starta i oktober!

Vil Julenissen verte funnen? Vil han dukke opp att av seg sjølv? Vil eg gidde å prøve å etterforske saka? Følg med... eller la vere.

8 kommentarer:

  1. Om julenissen har forsvunne, synest eg du skal farge skjegget ditt kvitt og ta over rolla ;-) Obs, eg meiner: Eg skal ikkje fortelje det vidare!

    SvarSlett
  2. Støtter Janne!
    Jeg tror ellers at det er stor fare for at julenissen er på kjøret i Bergen. Er Varg Veum ledig?

    Svein

    SvarSlett
  3. Husk å lete i Tumbolia!

    http://www.enotes.com/topic/Tumbolia

    Cassanders
    "Half the lies I tell are true"
    S. Gorn's Compendium of Rarely Used Clichés

    SvarSlett
  4. @Janne: Nei, dette er ein jobb berre han kan ta!

    @Svein: Kjære vene... han har vore på køyret i Bergen lenge nok!

    @Cassanders: Er du litt fikser på Hofstadter du? Er du hans elskar?

    SvarSlett
  5. @mullah Hastur
    ...Er du litt fikser på Hofstadter du? Er du hans elskar?

    Det var da et usedvanlig infantilt forsøk på fornærmelse.

    For det første: jeg er hetero, men antydninger om at jeg skulle være homse, eller en homses elsker, bekymrer meg midt der hvor ryggen skifter navn. Jeg trodde det var ungdomsskoleelever som bedrev denslags dølle forsøk på hetsing, ikke førstekonsulenter i akademia?

    For det andre: Det er mulig den selv-refererende (og selvødeleggende) setningen avslutningsvis er nevnt i en av Hofstadter's (evt Hofstadter og Dennett's) bøker, men jeg har hentet den fra Raymond Smullyan (5000 years BC and other Philosophical Fantasies)

    For det tredje. Det er mulig jeg har trykket på noen ømme synapser med tidligere spørsmål om kokettering.
    Jeg kan forsike deg om at de var velmente. I min bok er nemlig alternativet atskillig verre: At det kan se ut som du virkelig tar Chtulu-universet på en eller annen slags form for alvor.

    Her geberder du deg over "entartede tanker" og holdninger hos den gemene høyre-hop, mens du selv esteiserer en fiktiv og hermetisk kvasifilosofi på linje med scientologien?
    Jøsselandpåtrappa!

    Cassanders
    In Cod we trust

    SvarSlett
  6. Næmmen Cassanders då, ikkje ver så snurt! Eg registrerte at Tumbolia var eit uttrykk frå Hofstadter som du har vist ein del entusiasme for. Så då må eg spørje veit du. Ikkje at det interesserar meg så mykje, kven du tar til elskar eller ikkje. Slikt er vi ikkje så opptatt av her i moskeen, Cthulhu kjem til å ete oss alle uansett.

    Ingen ømme synapser her. Dei er som med alt anna ved mullaen godt polstra og i god behold.

    Og hermetisk kvasifilosofi? Sei det du, når stjernene står rett! HA!

    SvarSlett
  7. Jeg vet av en del folk i Florida som tar Chtulu på virkelig alvor. SOm får Kenneth Grant til å se ut som en liten pusekatt... De trenger kjærlighet de også, likeså mullaer...

    (Io phtagn...)

    SvarSlett
  8. Jaaaa! Gje meg kjærleik! Kjææææærleeeik!

    SvarSlett