tysdag 29. november 2011

Sakkyndige

Ja, så var dagen her då, og folk hoppar rundt og synsar for full hals i alle kanalar, etter at dei rettssakkyndige har komen med sin rapport der dei konkluderar med at ABB var kokelimonke i gjerningsaugneblinket. Eg er korkje jurist eller psykiatar, så eg må nesten avvente å få rapporten i hendene før eg faktisk seier noko bastant om kva grunnlag dei har for å seie dette. Er fleire års planleggjing, og sjølvmedisinering, kompatibel med ei juridisk forståing av "gjerningsaugneblinket", og er dei sakkyndige klar over at hans tankeunivers er eit han delar med fleire andre?

Isåfall, har dei sakkyndige i dag erklært at kontrajihadistane og nettrolla som herjar rundt i inn- og utland, faktisk alle er paranoid schizophrene og dermed ikkje strafferettsleg ansvarlege for sine gjerninger? Høyrer dei alle heime på lukka avdeling? Og kvar går grensa? Kan dei gjere ei vurdering av Ole Jørgen Anfindsen, Bruce Bawer og Fjordfjolset i same slengen? Ver så snill!

For dei likar jo å påstå at vi lev i Sovjet, og Sovjet perfeksjonerte jo det å patologisere opposisjonell ideologi. Er dei i mot vårt Sovjetkommunistiske paradis, må dei jo sjølvsagt vere heilt sprø! Og ja, eg har allereie sett ein og annan kommentator påstå at dette er eit vis å undertrykke ein mann som har gjennomskua arbeidarpartiet. Takk skal du ha, ikkje beveg deg ut av huset, det kjem nokon og snakkar med deg snart.

Andre er sjølvsagt mest opptatt av at sidan ABB er sjuk, så kan dei toe sine hender, og gå attende til å hate muslimar og sosialdemokratiet med sin gamle intensitet. Ja, gjer det. Og helst like høglytt som før. Vi noterar alle namn, og sender den kvite bilen innom.

Dei sakkyndige har talt. Og då er det ikkje så mykje meir å seie?

Men for all del, så kan dei som vil høyre meir gjere lurt i å øyre kva Øyvind Strømmen skriv, eventuelt Vepsen og ikkje minst Nils August Andresen i Minerva, som alle har sine gode poeng og perspektiv.

No er det pilletid for meg, eg har visst usanksjonerte meiningar om ting, tang og sexye lille Tingeling.

5 kommentarer:

  1. "[...] og er dei sakkyndige klar over at hans tankeunivers er eit han delar med fleire andre?"

    Det er da knapt noen som deler Breiviks bisarre tankeunivers? Vi snakker om et univers hvor han selv opptrer som en skikkelse av historisk betydning sammen med Karl Martel, Jacques de Molay og Winston Churchill i et korstog for å innføre et teokratisk diktatur i Europa med ham selv i lederrollen som dommer og bøddel (titulert med selvskapte titler, ordensbånd og hjemmelagde medaljer) - et diktatur hvor annerledes tenkende metodisk henrettes og hvor kristendom er påbudt.

    Veien til dette kokelimonke-teokratiet er også en vei de færreste vil følge: terror og attentater samt vilkårlige drap og snikmyrding av sivile.

    Mye kan sikkert sies om Fjordman, Anfindsen et al – men dele Breiviks tankeunivers gjør de ikke.

    De sakkyndiges konklusjon var ingen overraskelse. Det er da heller ikke Breiviks konspiranoide syn på islam som er patologisk – men det er et helhetsbilde som dannes på bakgrunn av en masse enkeltheter: fra pågående drapsfantasier rettet mot omgivelsene til selvhenførende vrangforestillinger og tempelridderfantasier.

    Breiviks eget ’manifest’ bærer jo bud om dette: en merkelig blanding ideologisk klipp og lim sammen med nitidige beskrivelser av intetsigende detaljer om drikkevaner, favorittklær og hvilke serier Breivik foretrekker på fjernsynet – komplettert med detaljistiske beskrivelser av hjemmelagde medaljer og ordenstitler ispedd vanvittige planer om henrettelser, drap, terror og krigføring. Alt med ham selv i hovedrollen som historiens dreiningspunkt.

    Så nei – verken Anfindens innvandringsmotstand eller Fjordmans islam-monomani hører hjemme i dette universet.

    SvarSlett
  2. hmmmm,
    ....nitide beskrivelser av intetsigende detaljer om drikkevaner, favorittklær......Musikk(?), film(?) ....

    Grøss og gru....

    tror du mullahen er i ferd med å gå over til "the dark side"? :-)

    Cassanders
    "Beware of the man who works hard to learn something, learns it, and finds himself no wiser than before. He is full of murderous resentment of people who are ignorant without having come by their ignorance the hard way."
    K. Vonnegut, Cat's Cradle

    SvarSlett
  3. @deBruit: Har no fått lest rapporten, og jommen var det ikkje mykje rart å kritisere der. Trur vi vil ha godt av å få ein ny, og grundigare rapport.

    Og jo, Anfindsen og Fjordman delar ABB sitt tankeunivers der muslimar representerar ein essensiell trugsel mot vesten, og må på eit eller anna vis fjernast frå likninga.

    @Cassanders: Dark Side? Meg? NEVVAH! Berre drikk det same som meg, kle deg anstendig, sjå god film og høyr på same aparte musikken som meg, så går ALT bra!

    SvarSlett
  4. ”Og jo, Anfindsen og Fjordman delar ABB sitt tankeunivers der muslimar representerar ein essensiell trugsel mot vesten, og må på eit eller anna vis fjernast frå likninga.”

    Joda, på samme vis som SV deler Stalins visjon av et klasseløst globalt fredsparadis eller Miljøpartiet de Grønne deler NSDAPs visjon om et bærekraftig lokalsamfunn fundert på grønn bevissthet. Men i min bok ER det en signifikant forskjell mellom en Anfindsen som foreskriver demokratiske metoder og en Behring Breivik som foreskriver massakrer, likvidasjoner, terror og teokrati.

    SvarSlett
  5. Og meiner du Fjordman føreskriv demokratiske metodar med tvangsdeportasjon og tilsidesetting av demokratiet? Anfindsen meiner han har eit godt poeng, og legg til at vi burde halde folk med anna hudfarge ute fordi dei ifølgje han har lågare iq.

    Samanlikninga di er berre fornærmande.

    SvarSlett