tysdag 15. november 2011

Sjølvoppofrande objektivistar (og mykje bæsjprat)

Det finnes grupper som står på skitlista til mullaen, som han så altfor sjeldan får høve til å drite ut. Det er ikkje fordi at det manglar på material, men det er fordi dei er ekspertar på å drite seg ut på eiga hand. Det kjem av at dei er så usedvanleg skrudde, at når dei kastar seg over relativt normale gjeremål, og gjer som alle andre, så vert det simpelthen feil. Standard vert for dei tilsvarandre å drite før dei trekk ned buksa og sett seg på porselenet.

Ei slik gruppe er våre alles kjære objektivistar. De veit desse folka som heng ved alle orda som nokon gong har blitt mishandla av Ayn Rand i dei såkalla romanane hennar. Som eg har fortald tidlegare så er det nokre lyse hovud der ute som har funne ut at dei skal filmatisere hennar største og mest ufordøyelege makkverk, Atlas Shrugged - i tre delar. Den første delen - på tre timar - vart no lansert på DVD, og er denne vekas snakkis på nettet.

Kvifor? Fordi ikkje berre drit dei seg ut med å lage ein film som det å sjå er som å masturbere med ein ostehøvel, med rumpa hengande over eit løvebur, men nokon dreit seg ut då dei skulle skrive omtala av den òg. Du veit korleis det er når ein eller annan sippete roman vert til onsdagsfilm på TVNorge? Då er det alltid ei eller anna gripande soge om mot og personleg offer. Og slik vart det òg for den sløve drolten som for ørtande gong skulle skrive omtale av ein film han ikkje orka å sjå; for bakpå coveret på DVDane som gjekk ut stod det: "AYN RAND's timeless novel of courage and self-sacrifice comes to life."


Kva er gale med det, spør du? Vel, den einaste sjølvoppopfringa som foregår i denne filmen, er publikum som kastar vekk dyrbar tid på å lide seg gjennom middelmådig propaganda om korles sjølvoppofring er det verste du kan gjere. For om du har følgd med i timen, så veit du at objektivismen er filosofien til egoistar med tvilsom personleg hygiene som på eit eller anna vis har innbilla seg at dei er ein slags overmenneske. Altruisme, fortel Ayn Rand, er det verste du kan finne på, rein ondskap. Ja, henne om det.

Då teksten vart oppdaga var filmen allereie i dei skitne, sveitte hendene til hennar mest ivrige fans, og dei greip seg alle til hjartet i det som var vekas tredje fedmeinduserte hjarteattak. Og krisa var eit faktum hjå produsentane. Dei er ikkje heilt tydlege på korleis denne feilen kan ha oppstått (objektivistar gjer aldri feil som dei kan innrømme, det er difor det luktar bæsj av buksene deira), men dei har endra teksten til: "AYN RAND's timeless novel of rational self-interest comes to life."

Dei har heldigvis fjerna biten om mot òg. I eit anfall av sjølvinnsikt har dei innsett at det har ingenting med deira pure, impotente egoisme. I same slengen prøver dei å appellere til objektivistane sin grunne natur, ved å hevde at dei som har fått den bisarre feiltrykken av omslaget no er innehaverar av eit samleobjekt som er langt meir verdifullt.

Fordi... det høyres så mykje betre ut enn å seie at driten no renn ned langs leggen.

4 kommentarer:

  1. Se til Simpsons for presis karakteristikk av Ayn Rands filosofi:
    http://www.youtube.com/watch?v=hEnoKPeAO18

    SvarSlett
  2. Min kjære Mullah, ingen kan hate objektivister som deg. Jeg ville tatt av meg hatten, om det ikke var for at jeg var innendørs og følgelig ikke har hatt.

    SvarSlett
  3. Anonym 10:11: Diverre har Fox valt å blokkere denne videoen for meg.

    Bassington-Bassington: Vi gjer vårt beste her i moskeen veit du.l Det er ikkje alltid fecalreferansane passar, men her er det verkeleg på sin plass. Så får dei berre verte så sutrete som dei gjerne vert.

    SvarSlett
  4. Mullahen skriv: "..og dei greip seg alle til hjartet..".

    Eg veit at Mullahen ikkje gjer feil, men her trur eg eit lite satanisk ord har lurt seg inn. For eg trur objektivistane greip seg (alle) til eit anna organ (eller to, objektivistar kjem i båe kjønn)

    SvarSlett