For all del, eg ser jo at de har det kjekt, og at de ikkje har lyst til å tenkje på dette. Eg har strengt tatt ikkje lyst til å tenkje på kommersialisme sjølv - eg har lyst til å ete god mat, og ha litt ferie. Lese ei god bok, sjå ein film, spele eit spel - men det evige maset, det evinnelege jaget etter å konsummere forstyrrer juleroa mi, og då skal det pinadø forstyrre dykkar litt òg. Her sitt eg som den nissen som eg er, sprayen med kvitfarge til skjegget står klar til i morgon, då skal Grinchen ta rolla til Julenissen som forsvann. Det er slikt som må til når ein er onkel.
Jula kan eg styre meg for, men Julenissen er eg glad i. Og eg tar meg stadig i å lure på kvar han tok vegen. Kvar er han no? Korleis kan folk feire jul, når den fordrukne fyren er forsvunnen? Korleis kan dei styre på, utan tanke på denne elskverdige alkoholiker? Personleg føler eg eit sterkt band til han, truleg fordi han er ein tjukkas med skjegg og godt lynne - slik kjenner ein mulla seg godt att i.
Difor sprayer altså denne onkelen skjegget sitt i morgon, og vonar at trass i at jula eigentleg er masete, trist og kjip, så stiller alle verdas onkler opp på same vis. Det er jobben vår.
God jul.

Sidan du er så i mot jula og å gje gåver, så får eg vel gjerne berre behalde gåva til deg i år, eg då...
SvarSlettEg er ikkje imot gåver, eg er i mot mas. Eller sagt med andre ord: GIEF! ;-)
SvarSlettSett deg ned og sleng på Doctor Who - A Christmas Carol ;-)
SvarSlettHer er ett forslag til hvorfor julenissen er borte:
SvarSletthttp://www.2pep.com/extreme-funny-stuff/super-funny-hilarious-pictures-smashed-santa-weird-pics-crazy-fun-images.html
For øvrig er det stusselig selvpiskende å avskrive de historiske linjene som lever beste velgående i julen også i dag, på tross av de angivelige grådige renkene til "onde makter" (=handelsstanden).
Men jeg vil de aller fleste vel, så dermed får til og med den herværende kokette mulla ønsker
en vel overstått jul og godt nytt år!
Cassanders
In cod we trust
Trur openbart du er inne på noko med det biletet, ja!
SvarSlettVi driv ikkje med sjølvpisking i denne moskeen! Vi pisker berre velvillige kandidatar.