torsdag 22. desember 2011

Liv og død, side om side

Vi har sett det før, og det er alltid like urovekkande. Når noko stygt og vemmeleg snik seg inn med noko godt. Når det som er vakkert og prisverdig, inneheld ei kime av det motbydlege og destruktive. Som ein trojansk hest. Vi tar i mot ei gåve, utan å vete kva vi får med på slepet. Vi kjøper eit koseteppe til barna, utan å vete kva sjukdomar som følgjer med. Og vips er vår by i flammar, og vips er vår stamme, vårt folk, utrydda av den kvite mann!

Denne type skitne triks har gong på gong blitt praktisert av våre erkefiendar i Pandamonium. Dei prøver stadig vekk å snike seg inn i lag med det som er godt og sunt. For slik å bryte ned ikkje berre oss, men òg det som held oss oppe. Dei vil ta frå oss alt, og det dei ikkje kan ta, vil dei så tvil om.
Berre sjå på korleis dei snik seg innpå Hello Kitty. Plasserar seg pent ved sidan av, slik at dei kan verte plukka opp av intetanande kundar som er ute etter Hello Kitty. Og sjølvsagt til lågare pris, for å senke terskelen for at nokon kjøper pandasvineriet hellare enn det guddomlege rosa ikonet. Her er det altså soleklårt! Side om side, liv og død, og Spongebob Squarepants fanga i midten, stakkars jævelen.

Når først denne trojanske pandaen er tatt i hus vil den sjølvsagt skape eit helvete. Den vil leike med hovuda dykkar. Kviskre styggedom i øyra dykkar medan de søv, og lure dykk til å tykkje at pandaer er uskuldige og donere pengar til World Wildlife Fund.

Så, no under innspurten av julehandelen, ver på vakt mine vener. Dei er over alt! Og dei prøver å snike seg under treet!

Men vi vil ikkje la oss lure! Vi gjer motstand! Til siste mann! Til vi er fri frå pandatrugselen!

2 kommentarer:

  1. Jeg antar bildet er fra en leketøysforretning. Da er det jo klart fra første øyeblikk, de er jo tvers igjennom onde; som det ble beskrevet i 'santagate' på radioen nå nylig.

    SvarSlett