onsdag 7. desember 2011

Tystofon, Terrorfon og raddislinje

Våre kjære statsbyråkratar og politikarar har gjort det dei gjer best, iverksatt tiltak som koster mykje pengar og som får folk til å tru at det har rabla for dei. Eit sterkt behov for å sjå ut som om dei brått er i stand til å gjere noko med evt. radikale og ekstreme grupper har dei lansert radikalisering.no, ei netteneste der du lett kan tyste på dine naboar, kollegaer og tidlegare klassekameratar. Personleg har eg ei liste med eks-kjærastar som i løpet av veka vil verte trugslar mot rikets tryggleik.

Ein må lære av historia, veit de, men ikkje visste eg at lærarmeistarane skulle vere gromgutane i Sovjet, Stasi-Tyskland og Det tredje riket. Brått vart Noreg transportert attende til amerika på femtitalet, og Stoltenberg har skifta namn til McCarthy.

Dette er fargerikt gjort folkens; kven kan no anklage regjeringa for å vere politisk korrekte? For å oppmode borgarar til å tyste på kvarandre til Storebror, er vel så langtifrå politisk korrekt som ein får det. Her forventar eg stor jubel frå det store fleirtal av sinte unge menn som kommenterar på nettet! Dei vann, det politiske korrekte er død, og meir draconiske tiltak er rett rundt hjørnet! Vi må satse på at det kjem ei eiga ordning retta direkte mot ungdom, gjerne som involverar at dei går i fine skjorter og har eit armbind av eit slag.

Kan vi få eit poengsystem? Gjerne med rabattar når ein har tysta på 10, 20 eller 30 stykk? Ein kan kanskje få avslag på skatten? Det hadde vore noko det. Halve nabolaget mitt stryk med om eg kan få halvert skatten, eller i det minste satt den ned 10%. Herregud, eg kjem til å tyste på familien min for det.

Men det vil ikkje fungere utan eit skikkeleg namn, og her må dei jobbe litt. Ein kunne kanskje kalla konseptet Tystofonen? Andre har foreslått Terrorfon, men eg tykkjer at eit bra, ungdommeleg forslag ville vore Raddislinja.

For det er viktig å fange ungdommen, og det har dei heldigvis gjort eit forsøk på i den grafiske utforminga. Som eit ungt moskèmedlem har vist, så speler sida både på 'laxing' og sex.

Ikkje berre er det ein pupp i eine hjørnet, det er faktisk ein stressballpupp frå Kondomeriet. Slikt krevst ballar i det offentlege. Du anar ikkje kor ofte uskuldige puppebilete vert fjerna frå ulike departementssider!

Så ein applaus til justisdepartementet for å gjere noko, sjølv om det kanskje er litt sært, og ein applaus for at dei har tatt lærdom av historiebøker og trassar det klamme politisk korrekte helvetet som dei representerar. Og så eit skikkeleg hurra for pupp. Ein kan aldri ha for mykje hurra for pupp.

Men, eit siste punkt, neste gong bør dei ha med penis eller noko. Likestilling er viktig på offentlege sider.

8 kommentarer:

  1. Kan noe være så snille å angi enhver byråkrat i landet? Hver eneste en?
    For det er ingen tvil om at de utgjør en større trussel mot riktets sikkerhet enn noen stakkarslige raddiser!

    SvarSlett
  2. Dei utgjer ikkje noko trugsel mot anna enn lattarmusklane mine, og eventuelt hakeledd.

    SvarSlett
  3. Kjære Mullah.
    Berre eit spørsmål om tid før eg vert framtysta. Eg er både norsk og muslim, det kan jo ikke vere anna enn radikalt.
    Men, til poenget: Fabelaktig blodd du har. Eg vil tipse om student Eivind Trædals kronikk "Søppelmennesker" i Dagbladet,Hege Storhaug sitt manipulerande svar og - toppen av kransekaka - Aftenposten sin beint fram lysande leiar i dag om Tybring-Gjedde, kor Trædal vert trekt inn på eit vis som eg tykkjer det lukter brunsvidd av. Trædal svarer sjølv på dette i oppfølgjande debattinnlegg.
    Hygg deg og lukke til vidare med det strålande arbeidet i og utanfor moskéen.

    SvarSlett
  4. Eg meiner sjølvsagt fabelaktig blogg.

    SvarSlett
  5. Dette blir fylle-tulle telefonen paa samtlige nachspiel frem til jorda endelig endelig endelig gaar under i november 2012. Jeg begynner aa glede meg.

    SvarSlett
  6. Ragnhild: Takkar for lovord. Ja, moskeen er godt kjendt med desse innleggja, då dei har vorte litt av ein snakkis.

    Martin: Kali Yuga er ei vakker tid!

    SvarSlett
  7. Akk mullah, du skuffer igjen.

    Dine mentale bilder (som leder deg i retning av kondomeriet) kan tyde på en noe senpubertal konstitusjon.
    Hvis du nå først skal tolke pupp inn i piktogrammet, må du jo se at det spruter melk der.
    Det er for så vidt lovende at regjeringen nå vil slå et slag for den europeuiske kulturarven (alle VIRKELIG dannede mennesker vil -når de er gjort oppmerksom på likheten med et bryst, raskt skjønne at dette handler om HERAs bryster da hun rev bort den diende Herakles).

    Klarer du aldri å dra noen skikkelige historiske linjer?

    Cassanders

    SvarSlett
  8. Skal dra ei historisk linje i rumpa di, skal eg!

    SvarSlett