onsdag 28. desember 2011

Ungdommen forstår det

Ja, ungdommen lærar fort, dei har forstått kvar dei skal hente kunnskap, og korleis dei skal få merksemd. Dei har lært det av å lese aviser, snoke på Youtube og lese på bloggane på blogg.no. Dei må andletet sitt ut der, dei må vere synlege, ikkje berre i tekstform, men i video, og det er viktig å vere folkeleg og sette ting i perspektiv. Slik som vår alles kjære Heidi Alexandra gjorde det, då ho uttrykte si enorme medkjensle med alle dei stakkars borna i utlandet. Det er vanskeleg for andre å følgje det opp, men det er jo lov å prøve, ikkje sant? 1, 2, 3 snurr film:



For som alle veit, så er det største problemet til annleispigmenterte rundtomkring i verda at foreldra deira går på narkotika, slik at dei ikkje får feire jul med hair extensions og denslags. Det når ikkje heilt dei same høgdene som Heidi Alexandra, då ho representerar eit heilt utsøkt nivå av kvalme, men godt forsøk var det. Absolutt applausverdig.

Heidi Alexandra kasta seg jo i haust inn i Breivik sine konspirasjonsteoriar, men det som verkeleg er det store blant ungdommen i dag, særleg på Youtube, er ikkje konspirasjonsteoriar om muslimar, men om dei verkeleg store klassiske konspirasjonane. Som Illuminati. Her kan ein hive inn alt ein vill, ein reinaste pytt-i-panne av absurde førestillingar og bisarre forklaringsmodellar. Her er det alltid plass til ein ungdom eller to til å ytre sine meiningar:



Her demonstrerar dei den gode kjeldekritikken som dagens skulevesen satsar stor på i allskens gruppe- og prosjektarbeid. Om du lurar på noko som helst av dei seier i denne videoen må du hugse at du kan sjekke det på Youtube, heilt seriøst, og utover det er det ein advokat som har fortald dei ting. Dette må ein jo ta seriøst. Og dette er reflekterte jenter, for det som dei høyrer om i religiøse tekstar er realistisk, men feil fordi... Youtube og ein fyr har jo sagt noko anna.

Og før de ler av dei stakkars jentene, så må de hugse på at de risikerar livet sitt ved å fortelje dette, eller verre, å få sletta kontoen sin på Facebook! Dette er veldig alvorleg, og vi må alle vakne.

Ein ting er at dei kanskje ikkje heilt har forstått samanhengane i ting, eller kjeldekritikk, eller retorikk, eller... vel noko som helst anna. Men dei har forstått korleis dei skal få merksemd, og merksemd får dei i haugevis. Berre sjå her; dei vert omtalt i bloggen min! Meir merksemd! Neste steg er sjølvsagt å verte invitert på kjendisfestar, og hamna på framsida av VG og Dagbladet. Dagspressa er jo alltid glad i slike gladsaker som dette.

At dei om nokre år truleg vil angre bittert på at dei la ut desse videoane, og framstod som totale nek... vel... altså... dei fekk jo merksemd. Så applaus for ungdommen! Dei har forstått det! Det viktige er merksemd, her og nu, for det finnes inga framtid.

Visstnok går verda under i 2012, og det er nok Illuminati sin feil det òg.

Kva var telefonnummeret til barnevernet forresten?

12 kommentarer:

  1. Siden jeg regner med at mullaens moske er en av de få gjenværende steder i Norge man kan fleipe med FRP uten å få en fatwa som fiende av demokratiet og en knebler av all debatt: Jeg spår Lene Alexandra en stor fremtid i Fpu. Hun har kjernesakene deres inne.

    SvarSlett
  2. Ho er reinaste Mette Hanekamhaug, ja! Eg ser for meg at ho følgjer nok i hennar fotspor og vil reformere utdanningssektoren!

    SvarSlett
  3. Næhei! Eg går ikkje i fengsel for deg!

    SvarSlett
  4. Uuuuurk... klarte to minutt av dette våset...

    SvarSlett
  5. Jeg så hele.
    ...det gjorde vondt.
    Nå ligger jeg i fosterstilling og krampegråt på stuegulvet her.
    Heldigvis trøster ungene mine meg med at de ALDRI skal bli sånn...

    SvarSlett
  6. Jeg tror ingenting på det. Det er for parodisk. Ihvertfall den første filmen. Jeg har også vanskelig for å svelge den andre filmen som oppriktig ment.

    SvarSlett
  7. Elskar at dei stadig gjentek "me e hjernevaska". Kan det vere Blenda som står bak?

    SvarSlett
  8. Tenker at det må være kødd: http://www.youtube.com/watch?v=7iqRX7aXwpU

    SvarSlett
  9. Bad Mynock: Har du ikkje ballar eller? Hald ut litt til!

    Haeggis: Dine unger vert verre.

    Thule: Eg står ved at dette er eit område der det er umogleg å skille satire frå det verkelege. Eg vonar det er satire.

    Lisafisa: Overreinslege mødre tenkjer eg.

    Anders: Det må ikkje. Det kan vere. Eg vonar det er det... men dei har i det minste skjønt kva dei skal gjere for å få merksemd.

    SvarSlett
  10. Så bra, folkeopplysning på sitt beste.

    Gje meg meir, gje meg meir!!
    Kan aldri få nok!


    Thomas

    SvarSlett