laurdag 21. januar 2012

Danningsideal: Les ei bok?

Vi her i Noreg er frykteleg stolte av at vi les så mange bøker, dette vitner om ein intelligent kultur der folk bryr seg om dei viktige tingane. Det er ein del av danningsidealet dette, dette mennesket med hovudet full av klassikerar og som lirar av seg sitat frå kjende og ukjende verk på kommando. Det vitnar om at noko foregår oppi skallen. Det er to ting som er gale med dette biletet; det eine er at det bokhyller lenge ikkje har vore rekna som eit aktverdig møbel (men dette held på å endre seg høyrer eg rykter om); det andre er at ingen tenkjer gjennom kva som vert lest. Eg har det klare inntrykket at nordmenn flest les barnebøker og krimlitteratur, og det er når dei ikkje fortærar overnaturlege legeromanar.

Men det er jo betre enn ingenting, om enn det ikkje lev opp til min høge standardar for danning. Det virker som om vi lev i ei verd der det ikkje er mykje rom for positiv utvikling, der kulturindustrien helst ønskjer villige konsumentar, og ikkje kreative forbrukarar. Om vi sjølv vert medvite produkta vi fortærar, kan det jo godt hende vi ikkje lenger har lyst på det som vi vert servert? Og slik sett så kan det vere eit bra tiltak å faktisk berre lese ei bok, samme kva, for i det minste utviklar det språkforståing, og det er første steget mot ein sjølvstendig tanke. Moglegeins.

Men det har seg slik at forfallet der ute i verda har komen så langt at ein må brøle på eit språk dei forstår. Og det er årsaka til dette laurdagsinnlegget. For eg fann ein video som gjorde nett det.


Klar tale der altså.

3 kommentarer:

  1. Om eg ikkje hugsar feil — noko eg sjeldan gjer — så var dette faktisk ein kampanje frå Black Entertainment Television (den afroamerikanske versjonen av NRK Sápmi).

    SvarSlett
  2. Disse mammaelskende bøkene, husker de på å bruke prevensjon?

    SvarSlett