Så kom 2012 slentrande inn døra. Alle haldt pusten og såg rundt seg. Kven kom til å vere først ute? Det er alltid ei hard konkurranse når eit nytt år melder sin ankomst. Det er usikkert om det er om å gjere å vere først ut, eller om det er meininga å unngå sigerspallen, men faktum var at no var leiken byrja. Kven skulle vere dei første til å få mullaen til å erklære sin manglande forståing i det nye året? Japan såg på Korea, Korea såg til Kina, dei snudde seg mot dei republikanarane sine presidentkandidatar, medan Carl I. Hagen satt seg i bilen klar til dyst.
Bak dei alle smaug Sverige seg inn i moskeen og fyrte av denne:
Hæ?!
Eg forstår den ikkje... hæææ? Kva er dette for noko?! Hæ?
Kring to og eit halvt minutt uti kom eg til den erkjenning at dette. Dette. Det er dette som må vera kunst.
SvarSlett