Så nei, eg har ikkje tenkt så mykje på dette programmet, og hadde verkeleg ikkje tenkt å sjå det heller. Dagbladet sin Pål Nordseth derimot, kasta seg inn i det som ein 80-tals actionhelt og såg på sludderet, og satt eigentleg att med frykteleg lite.
Eg har ingen store protestar mot det han skriv om programmet, han har nok heilt rett, men eg beit merke i siste avsnitt:
"Et mer alvorlig problem er at manuset i går var så slett at både gjester og programledere ble hensatt til desperat improvisasjon rundt genuint ikke-morsomme temaer som rasisme, dyresex og Trine Grung. Det på tross av at programmet ikke går direkte."Det er ei samanlikning eg har tenkt å gjere ofte framover. Trine Grung er like morosam som rasisme og dyresex. Han har eit betre poeng enn han faktisk trudde. For er det ikkje slik at Trine Grung høyrer like mykje heime på fjernsynet i beste sendetid som dyresex og rasisme?
Personleg prøver eg å finne ut kva eg ler mest av; rasisme, dyresex eller Trine Grung. Kva trur du?
Har ikke du nok av barnet igjen i deg til å frydes mest med å blande da?
SvarSlettMen hadde eg skrive noko som blanda Timbuktu, Trine Grung og dyresex hadde eg nok blitt saksøkt av ein av dei.
SlettEh, Timbuktu hadde gjerne nøyd seg med å skrive et skuffet leserinnlegg...
SlettDet kjem jo litt an på kva eg hadde sagt. Eg kan vere veldig kreativ.
SlettJeg lo nå, ihvertfall. - snarglebarf
SvarSlett