tysdag 14. februar 2012

Den perfekte sjef

Vi har lenge slitt med Litteraturhuset i Bergen. Først var det vanskeleg å finne pengar, så var det vanskeleg å finne lokal og no i det siste har det vore frykteleg vanskeleg å finne ein sjef. Stillingsutlysinga kom og gjekk, men noko svar kom aldri, og dei infødde byrja å verte urolege. Og det er ikkje rart, forklarte eg på Twitter førre fredag, dei har jo ikkje spurd om eg vil vere sjef enno - for eg er jo den som er best kvalifisert. Dette starta ein flaum av respons på twitter, frå minst to-tre stykker som alle meinte at mullaen var best for jobben. Med eit slikt folkeleg engasjement i ryggen kunne eg ikkje gjere anna enn å la ein Twitterkonto verte oppretta for Litteraturhuset i Bergen som kunne formidle mitt kandidatur til verda. Og då det kom fram kor viktig det var med gode kvalitetsvaflar til under ti kroner, var det ingenting som kunne stogge folkekravet. Folket talte høglytt og ville ha mullaen som sjef på Litteraturhuset i Bergen. Det var massivt. Ein har ikkje sett liknande sidan Oktoberrevolusjonen 1917, eller då muren fall i 1989, eller førre helg på IKEA. Når dei skal lage film av dette, må dei grave opp att Sergei Eisenstein.

Difor var det ikkje rart at Bergens Tidende tok kontakt på måndags formiddag og ville ha ein kommentar frå mullaen. Og det fekk dei, og den kom snarleg på trykk i dag. Og det er då ting byrjar å verte merksnodige.

Stiftinga Litteraturhuset i Bergen såg med skrekk og vantru på denne folkelege oppstanden, og forstod at dersom dei ikkje gjorde noko, måtte dei gje etter for folkekravet. Eit folkekrav om ein folkeleg mulla i maktposisjon i kulturlivet i Bergen. Dei visste at det ville representere ei radikal endring av den elles så platte og stagnerte tilværa dei til no hadde kunne nyte. Tenk kva eg kunne ha gjort som sjef på Litteraturhuset i Bergen, sjå for dykk det kulturelle jordskjelvet!

Det er klart at dette ville blitt for mykje for kulturtantene sine sarte sinn. Så dei rykka kjapt ut i avisene, og erklærte at dei hadde bestemt seg for val av sjef. Og dei hadde altså valt ho som allereie var sjef. Case closed, Helle-Valle held fram til juni neste år.

Så kva tyder dette for folkerørsla? Når folket er i rørsle har dei vanskeleg for å stogge. Folk er ikkje utstyrt med bremser, dei er utstyrt med ADHD. Ein må anten halde fokus, eller finne noko anna å bruke overskotsenergien til. Og det er det folkeaksjonskomiteen no må vurdere - skal vi halde fram kampen som undergrunnsrørsle fram til neste gong stillinga vert utlyst, eller finnes det ein is eller ein brus vi vil ha attende på marknaden? I mellomtida har vi ein twitterkonto... og så dukka denne fabelaktige sida opp som gjev deg oversikt over aktiviteten der. Vi kan jo ikkje la vere å bruke alt dette, vel? Kan vi?


8 kommentarer:

  1. Skal stemme på deg når dei berre innfører demokrati i dei kretsane der, eg! ^^

    SvarSlett
    Svar
    1. Demokrati er ikkje naudsynt. Folk med faklar og høygaflar er sant folkestyre!

      Slett
  2. Svar
    1. Mmmmm. Omnomnomnom! Vil du ha vaffelplakat eller litteraturplakat?

      Slett
  3. Du står egentlig ovenfor samme problemstilling som de irakiske mullaene i 2004: Skal du gå under jorden og bedrive geriljakrig eller skal du prøve å få til avtaler med makta for å kunne komme til makt senere. Muqtada al Sadrs dilemma. (Har mullaen forøvrig diskutert styling med den godeste Sadr? Jeg aner visse likheter..)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, presist! Det finnes ikkje noko enkelt svar her...

      Kva gjeld styling så følgjer eg same regiment som al Sadr. Forskriftsmessig og standsmessig.

      Slett
  4. Svar
    1. Vil du ha plakat? Vi kan opne opp for sal eller at folk trykk sjølv. Vi har fem ulike versjoner.

      Slett