måndag 13. februar 2012

Pandamoniums slavar

Gifta til Pandamonium sprer seg lett, og korrumperar dei enkle barnesinn på eit tidleg tidspunkt. Eit godt døme på dette er ungdommane bak Panda Sheep - nokre skuleelevar som vert oppmoda av sine lærarar til å starte ein bedrift, og endar difor opp med å lage youtubevideoar av seg sjølv utkledd som pandabjørnar. Kvifor det? Fordi andre skal få lyst til å sjå ut som pandabjørnar!



Dette er sjølvsagt veldig trist, men vi må innsjå at akkurat desse ungdommane er ei tapt sak, og ingenting kan redde dei. Dei er no villige agentar for Pandamonium og gjer sitt beste for å rekruttere fleire. For at vi skal lære oss å assosiere det gode med dei, så vil dei at vi skal kle oss ut som dei, og ha det kjekt. Dette har vi sett fleire døme på tidlegare.

Ein kan jo undre seg på kva dei gjer for å få stor påverknad på våre unge. Har dei forgifta drikkevatnet vårt? Teen vår? I det minste ser det ut som ein sjuk lakei frå Pandamonium ønskjer å produsere ein skitten te. Som vi veit evner ikkje Pandabjørnar å fordøye bambus, som er det einaste dei sitt og tygg på medan dei planlegg å utrydde oss. Difor er avføringa deira nesten rein fiber (pluss biter av spiste menneskebarn), og denne fiberen har tidlegare vore nytta til ulike husflidsprosjekt. Men no har altså ein orientalsk "lærar" funne ut at han skal lage te av denne avføringa. Pandabæsjen, hevdar han, vil gje teen ein heilt spesiell aroma. Vi tvilar ikkje. Vi trur og den gjer noko med hjerna di. Den knekk di frie vilje, og gjer deg til ein underdanig slave for pandabjørnar og villig til å gjere alt for dei.

Faen heller, berre sjå på fyren!
Ser de noko kjendt med klesdrakta? Lik ungdommane så har han prøvd å ikle seg sine herrar si form, i von om å blidgjere dei. Slik eit barn etterliknar sine foreldre! Dette er effekta denne styggedommen av ein te har på ditt menneskesinn. Sjølv påstår han at den er slankande og motvirkar "stråling", men han seier ingenting om tankestråler frå herskesjuke pandabjørnar. Kvifor ikkje mon tru?!

Nemleg. Så ikkje drikk pandabæsj folkens, og ver varsam med kva de kler dykk ut som på karneval!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar