måndag 19. mars 2012

Motstandsrørsla

Den underlege lille nazisekta frå Sverige, Svenska Motståndsrörelsen, freistar å etablere seg i Noreg om dagen, og fekk mykje merksemd for det dei omtalar som ein vellukka aksjon i Bartebyen. Med vellukka aksjon meiner denne gjengen ei forsamling på rundt 30 stykk som klarar å hamne i klammeri med lokalbefolking og purk, og 25 av dei vert arrestert. Og så visar det seg sjølvsagt at 23 av desse 25 er svenskar. Det er så ille i dette landet at nasjonalistar no må importere utlendingar for å protestere mot innvandringa til landet. Jommen sa eg smør. På si side meiner dei at dette fokuset på antalet svensker i demonstrasjonen er ein del av ein anti-svensk mediekampanje. Ja, det er vel dei enorme mengdene med jødar i dette landet som står bak det då. I vårt naboland har gruppa bygd seg opp til å verte eit velsmurt aktivistnettverk, eller klin kokos sekt om du vil. Medlemmane vert avkrevd store mengder tiende for å dekke leiaren sitt behov for cheeseburger, medan dei er forventa til å reise land og strand rundt i sitt arbeid for frigjeringskampen. Dette er hyperaktivisme. I Noreg, der slikt er mindre populært, slit dei litt meir, men dei prøver i det minste å ha ein aktiv fasade på nettsida deira. Her kan vi til stadig lese om kamprapportar. Noko som høyres langt meir spennande ut enn det er; det er altså små notisar om at dei har hengt opp eit flygeblad eller stappa noko rask ned i ei uskuldig postkasse utan å verte oppdaga. Veldig bra gutar, foreldra dykkar er sikkert stolte av dykk no. Alle fem av dykk. Nettsidene er forøvreg godt designa i forhold til det tøvet som slike grupper ofte klarar å kline utover nettet her på desse trakter, og inneheld kryptisk informasjon om medlemsgradar og om kor heftig tøft og kult det er å vere aktivist - dersom ein er så heldig å klare dei fysiske opptakskrava. Ja, eg veddar på at det står ein kø og ventar på å verte tatt opp. Mhm.

Deira førar her til lands er ein Haakon Forwald, kjend frå det nasjonalsosialistiske black metal-bandet Disiplin. Eit skikkeleg sjarmtroll av ein mann, som de over her kan sjå tale til sine imaginære tilhengjarar. Jo meir ein grev i tankane til denne karen, jo betre vert det. Og eg har, grunna influensa, ikkje gått særleg i djupnad. Men det eg har sett har fått vommen til å riste av vellyst. Her snakkar vi om ein mann ikkje berre med langt fartstid som nasse, men som naziokkultist knytt til mellom anna ein av desse avstikkarane til Temple of Set, nemleg den så utruleg modne Misanthropic Luciferian Order. Javisst, her snakkar vi skikkeleg tøffe gutar som ikkje berre er luciferianske eller misantropiske, men beggje delar. Åååååh, så dei hatar verda. Skikkeleg òg. Og så er dei (Ariske) overmenneske. Liksom. Atte. Sånn at dei er betre enn alle desse andre menneska. Som liksom berre er patetiske. Skjønner? Fordi dei skjønner ikkje. Altså. Ja? Eg skjelv her eg sitt, mo i knerna. Dette er tøffe saker. Som ein person oppsummerar gruppa: "Their goals are to create a synthesis between the dark traditions of all the ancient aeons and thus to create the occult keys that shall open the gates to the forthcoming endless dark aeon."

Akkurat, ja. Eg finn denne Haakon simpelthen uimotståeleg. Kva er vel betre enn ein politikar som er ærleg om kva han planlegg? Han vil få ned få bukt med avgiftsveldet, lempe ut innvandrarar, drepe jødar og muslimar... og ja, opne helvetes porter og opne opp for forhandlingar med Lucifer og Cthulhu. Der har vi koalisjonsregjering med futt i folkens - dei lover oss tusen år med mørke!

Det er nokre andre boller enn dette nazisludderet dei vanlegvis preiker om når dei forkynner sine germanske paradis. Helvete på jord! Det veit vi at nazistar er flinke til, så dette er reine ord for penga simpelthen. Gje Haakon ei munkekutte og ein fakkel. Og kanskje ein kul bok å ha under armen. Så vert den norske motstandrørsla ei sekt med ballar. Og røykelse. Røykelse er altfor lite på dagsordenen blant naziokkultistar.

14 kommentarer:

  1. Han trenger masse kos, tror jeg. Av 250kilos afrikanere i rosa tyllskjørt.

    SvarSlett
    Svar
    1. I shall contact my Nigerian friends...

      Slett
  2. *høylydtapplausogståendeenkvinnesovasjon*
    Fortreffelig! Med en intet mindre enn genial sluttfanfare! :D
    Tok meg selv i å avslutte lesingen med et hest hves a la min farfar når han hørte så gode vitser at sivilisert latter ikke strakk til. Hillhill!!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Vi kan vel ikkje gjere anna enn å takke, kjære Anonym.

      Slett
  3. hmmmm,
    er jeg utidig hvis jeg minner om to nokså dominerende verdensreligioner (men pussig nok ikke opphavet: judaismen (med mindre du inkluderer eventuelle sekter med senjødedomstankegods )) som har dystope fantasier som (tatt med et minimum av alvor) med god margin overgår alt hva de nordiske naziwannabeene med tilhørende okkulte prokliviteter har klart å koke i hop?

    Salig Thomas Aquinas var av den klare oppfatning at prima utsikt (1.balkong?) til helvetes pinsler inngikk som en guddommelig(sic) anvist del av de saliges gleder(det finnes henvisninger på geografisk beskaffenhet).

    Hva slags morbide intellekter som har pønsket ut de islamske beskrivelsene av de fordømtes plager, kan en jo bare forundres over.

    Det sørgelige er jo at dette motbydelige tøvet gjør krav på, og enda værre: i alt for stor grad faktisk blir behandlet med respekt, -noe de selvfølgelig ikke fortjener.

    Okkulte vispesnekkerfilosofer a la Crowley og andre (som har funnet effektive måter å manipulere andre på (og få seg ligg på kjøpet) klarer heller ikke å nå lenger enn til kneskålene på "de gamle guder".

    Cassanders
    In Cod we trust

    SvarSlett
    Svar
    1. Som du kanskje har fått med deg, så har vi her i moskeen naturlegvis ikkje så mykje i mot religionar av ulikt slag. Særleg ikkje av det abrahamiske slaget. Og ulike former for okkultisme og mystisisme er heller ikkje ukjendt å praktisere i skuggen av vår minaret.

      Det vi i utgangspunktet finne finurleg og moro, er sjølvsagt at ei politisk rørsle, som har som mål å gjennomføre eit folkeleg opprør, ein revolusjon, for å skape eit nytt og betre samfunn, samstundes har ein leiar som er tilhengjar av ein filosofi som ikkje legg skjul på at dei ønskjer alt anna enn å skape eit godt samfunn.

      Det er, i mangel av betre terminologi, sublimt.

      Slett
  4. Har Thot-Amon kommet seg ut av Arallu igjen?

    SvarSlett
    Svar
    1. Må ærleg innrømme at såååå nøye følgjer eg ikkje med på israelsk metal ;-P

      Slett
  5. Veldig rart at ikke H Forwald er kastet ut av SMR for lenge siden. Om ikke kokain, psykedelia og okkulte ritualer faktisk er god fisk blant den hemmelige ariske eliten...Forwalds 'nasjonalsosialisme' er vel lite annet enn ideologisk ferniss over en bisarr ONA-inspirert chthulufetisj.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er vel helst ulike reglar for aktivistar og leiarar ;-)

      Slett
    2. sjølvsagt ->

      http://youtu.be/8r097tqv-tY

      Slett
    3. @ MMH
      Det er vel helst ulike reglar for aktivistar og leiarar ;-)

      Det skulle jeg mene. Om det er noe sted hvor det er klart skille mellom hvem som puler nedover og hvem som skal pules, er det jo i allehånde religøse grupperinger/sekter.

      Cassanders
      In Cod we trust

      Slett
  6. fyren har vert ustabil i maange år og byttet ideologi annenhvert år og sparket bandbesetningen sin flere ganger

    nå om dagen fornekter han stadig sin okkulte fortid siden mørke aeoner og hvit motstandskamp gjerne kræsjer litt

    "Presently I’ve only heard your demo and 2 full-length albums, as well as some samples of new material. So my question will concern your past works. How do you evaluate your debut works nowadays? Ideologically they were a heavy mixture of satanism, totalitarian ideologies, chaosism… In my opinion, your first self-titled album was much more consistent ideologically. More right-wing, so to say. The second was more negative, satanic and anti-cosmic. Share your thoughts on this…

    None of the albums were consistent ideologically. They were supposed to deliver the package of being "Black Metal". The music I am really proud of, but the lyrics and the image, is not something I look back upon with pride. However this is part of growing up. I agree though that the "general" appearance of the debut is more consistent, however a closer look at the lyrics will reveal that it is not so."

    "I have nothing to tell about MLO, except that Disiplin/I have never been a part of MLO. I wrote a statement of support in the booklet of the "Anti-Life" album, but that is as far as it goes. Jon had his beliefs, but he was a great guy. Very talented musician. His suicide both came as a surprise and was sort of expected. But I will not speculate."


    "3) Disiplin have once make anti-rasist stament, something in stile that you hate everybody equaly. Was it just because of label(Moonfog) or you have later come to NS/racialist philosophy.

    I made that because of pressure from record label and other band members. Today, Disiplin is as close to a one-man band as possible.
    A mouthpiece for the propaganda of Disiplin is all I need to release records, and the new singer Wulfclaw fits perfectly in the band. Disiplin
    evolved from simple black metal without direction, to Pagan Black Metal - with direction."

    SvarSlett