tysdag 27. mars 2012

Vil du vere venen hans?

Min gode ven Lord Bassington Bassington etterlyste mine umiddelbare tankar om denne videoen.


Mine umiddelbare tankar... mine umiddelbare tankar... Eg seier ikkje at det er Lommemannen som har debutert med musikkvideo. Eg seier ikkje at det ser ut som ein syngande penis. Eg seier ikkje at foreldre må vere varsam med kven borna deira er vener med. Eg seier ikkje det, altså.

Songen handlar openbart om ein einsam mann, som ønskjer å få seg vener. Han har lettare å gje uttrykk for det enn, til dømes, Leon i Luc Besson-filmen med same namn. Ja, han går faktisk så langt som å seie at han vil ha ein klem. Mange klemmar. Han likar tydlegvis klemming. Ingenting i vegen med det. Vi veit jo ingenting om aldaren til songaren, så for alt vi veit kan det vere eit heilt normalt ønskje som driv han til å ville vere vener med alle desse leikande borna. Treng ikkje å vere noko sjukt i det. I det heile tatt.

Men det er det.

Det er det.

Den er skriven av eit vaksent menneske. Som eg vonar får hjelp. Mykje, mykje hjelp.

Æsj. Der sa eg vel eigentleg det eg ikkje skulle seie.

4 kommentarer:

  1. Takk for å korrumpere Fhtagnorangen for evig og alltid. Grisete folk-folk. Makan...

    SvarSlett
  2. Kva du snakkar om? Eg har ikkje gjort noko mot han! :-P

    SvarSlett
  3. De burde heller lage barne-TV med basseter. Basseter er aldri feil.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, vi ventar framleis på den store skandala som involverar bassetar.

      Slett