torsdag 19. april 2012

Gatekunst

Alle former for kunst fascinerar og opptar oss her i moskeen, og vi lar oss stadig imponere over dei som kan formidle idear og kjenslar gjennom bilete, skulpturar, lyd og andre uttrykk. Vi differensierar sjeldan mellom uttrykksform eller kunstnarskule, så lenge det vi ser og opplev appellerar til oss rasjonelt, emosjonelt eller sjeleleg. Vi må ha ei oppleving av at skaparen av verket faktisk har prøvd å gje oss noko, at det ikkje berre er fargeklattar som dei veit ein idiot av ein samlar vil betale ti tusen for, men at det er eit reelt uttrykk. Gatekunst er eit slikt felt der det tidvis kan vere langt mellom perlene, men dei perlene som er der er verkeleg flotte. Gatekunsten er prega av dei glade amatørar, og noko av den er heilt fabelaktig, medan det er mykje skit òg. Og den første som prøver å fortelje meg at tagging er kunst, skal eg tre ned på minareten. God gatekunst handlar om plassering. At kunsten stemmer overeins, klaffar, med omgjevnadane og overflata - anten at den virker naturleg eller er overraskande og inspirerande. Deretter må det vere teknisk og kunstnarisk godt utførd. Det er med andre ord ikkje lett å lage gatekunst, og gatekunst vert opplevd som noko flyktig, noko som ikkje vedvarar. Skaparen veit at sjansen for at det vert malt over er stor. Dette gjer gatekunsten til noko spesielt, og eg respekterar dei anstendige utøvarane av denne forma.

Difor er det spennande når det virker som om multikunstnaren Vidar Bratlund-Mæland flørtar med gatekunst. Vi vart sendt nokre enkle bilete som illustrerar dette.
Eg bur i Bergen, så det er nok rimeleg å anta at eg både dansar og syng i regnet, opplyst av Hello Kitty. Dette hadde nok tatt seg veldig bra ut ein vegg nær meg eller deg. Min kjærleik til Hello Kitty utforskar Bratlund-Mæland i sitt neste bilete, der han forestiller seg meg og henne i varm og vennskapleg omfamning.
Eg er veldig glad i kattepusar, så det kjem jo ikkje som noko stor overrasking at eg likar å ha dei på fanget og kose litt på dei. Det skulle vel berre mangle.
Og... uhm... altså, jajo, som dei fleste andre, så likar eg jo å gå rundt i undertøyet, og eh... hadde eg hatt katt heime, så hadde eg jo sjølvsagt kjælt med den i berre undertøyet så, sett slik så er jo ikkje dette så uanstendig. Nei, det er vel meir enn kommentar til korleis germansk naturisme, Freikörperkultur, sameinast med min kjærleik for kattar og Hello Kitty, ja. Det er slik det heng saman.
Ehm... eh... altså...

Fint bilete, kva? Altså... eg... uhm...

Helvete... eg trur Bratlund-Mæland har installert kamera på soverommet mitt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar