søndag 6. mai 2012

Er det gratis?

Det er dyrt å leve seier dei, og ingenting er dyrare enn å leve som single i dagens Noreg. Ikkje berre har ein ingen å dele sine utgifter med, men ein ungkar er jo forventa å spandere på kvinner i ny og ne om han skal få gjort ende på sitt ungkarsliv. Å gå ut med kvinner er sjeldan billige affærer, dei har jo visse krav til standard og oppvarting som ein anstendig gentleman bør vere mann til å oppfylle. Det er trass alt ein grunn til at vi menn, visstnok, tener betre enn kvinner. Det er jo fordi vi skal vere rause og spandable, så klart.

"Er det gratis?" spør alltid ein kamerat, uansett kva det gjeld. Det er ein refleks, og ein nøkkelfrase. For svaret er alltid nei, ingenting er gratis, og det veit han godt, for han er som mullaen ein ungkar. Og for ein ungkar vil det alltid koste noko. Og det er difor eg merka eg vart litt skeptisk då eg hadde forvilla meg inn i ein viss pirathamn på nettet og kunne lese følgjande annonse:
Gratis single? Det er greit at slike datingtenester er tretten på dusinet og dei må jo finne på ein gimmick for å hente inn brukarar, men ingen skal få meg til at jentene du treff på denne tenesta er gratis. Det vil i så fall vere ein verkeleg ny form for "dating", tenkjer eg meg.  Eg har større tru på at tenesta dei sjølv nytta for å omsetje reklamen til norsk var gratis.

At annonsa ser ut som annenrangs spam hjelp heller ikkje på gitt. Eg trykka ikkje på lenka. Ingenting er gratis.

8 kommentarer:

  1. Blir du rosablogger blir alt graaaaatis! ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg prøvde meg som motebloggar:
      http://profetenhastur.blogspot.com/2011/06/dagens-outfit.html

      Men den einaste sponsoren eg fekk var voksenlek.no og lillefrekke.no

      Kva gjer eg gale?

      Slett
  2. :-D Meg skriver under på dette...

    SvarSlett
  3. :-D Meg skriver under på dette...

    SvarSlett
  4. Som singel e eg gratis, men ikkje billig....

    SvarSlett
    Svar
    1. Priceless, som vi seier på nynorsk.

      Slett
  5. «Reklame» som bruker layouten til Windows 2000 er alltid like vittig.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er ikkje alltid like lett å halde seg oppdatert.

      Slett