måndag 14. mai 2012

Stogg pressa! Eg har vondt i magen!

Det er openbert noko som går om dagen! Eg har blitt matforgifta... i det minste har eg veldig vondt i magen, og feber. Og det er ikkje noko artig. Det tyder at eg ligg heile dagen og klamrar meg til telefonen og ventar på at pressa skal ringe og be om kommentarar. Kan eg har spist noko som var gått ut på dato? Ikkje som eg veit, men det er rom for spekulasjon her. Og folkeopplysing! For folk må jo lære seg om dette med datostempling og slikt!

For det er slik det heng saman, sant? Det var slik det var då Fotballfrue vart sjuk her forleden, og de vil vel ikkje påstå at ho er ein viktigare bloggar enn meg? Ho trur kanskje ho, i all sin lediggang, har spist noko ost som var gått ut på dato. Ho måtte spy opp til fleire gonger! Stakkars, er det då rart at Nettavisen, som sel annonsane på bloggen hennar, følte det naudsynt å slå det stort opp? Det er jo rein skjær folkeopplysing og god nyhendeformidling.

No har eg korkje avtale med Nettavisen eller andre aviser om å dokumentere livet mitt overskriftene, men no har eg altså vondt i magen. Og i motsetnad til magen til Fotballfrua så er magen min stor. Det vil med andre ord seie at medan ho hadde kjempevondt i litt mage, så har eg kjempevondt i kjempemykje mage! Reint kvantitativt har eg meir mage å ha vondt i, og ergo meir vondt! Dette er enkel matematikk!

Så om ein eller annan journalist snart, eg byrjar å verte lei av å vente, så kan eg fortelje den gripande soga om at eg har skikkeleg, skikkeleg vondt i magen og at det kan vere fordi eg har spist noko eg ikkje tålte, har vore overarbeida eller... ja, altså... eg har vondt i magen, og det er ein skikkeleg human interest story? Er du klar over kor kokt i hovudet ein vert av å liggje og sjå robotanime frå 70-talet i fleire timar i strekk?!

10 kommentarer:

  1. Jeg synes faktisk dette er en sak for likestillings- og diskrimineringsombudet. Det foregår åpenbar diskriminering i norsk presse. :(

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, sant? Er det fordi eg ikkje har langt lyst hår? Er det fordi eg ikkje er gift med ein eller annan ballspelar? Er det fordi eg ikkje har solgt meg sjølv fullstendig til annanrangs tabloidpresse?!

      Slett
  2. "Det vil med andre ord seie at medan ho hadde kjempevondt i litt mage, så har eg kjempevondt i kjempemykje mage!" Hahahaaaaa! Hjærte, smilefjæs.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er jo elementær geometri og matematikk og whatnot!

      Slett
  3. Sannhet! Sannhet!
    Men så lenge de tjener penger på reklame er slike saker billige og lønnsomme.

    SvarSlett
    Svar
    1. Jammen! Jammen! Dei kan jo tene pengar på billige og lønsame meg?!

      Slett
  4. Veldig godt sagt. så godt jeg måtte bedrive litt folkeopplysning til mannen min, så kunne vi begge to være enig i matematikken din. God bedring.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk skal du ha, signe deg mitt barn!

      Slett
  5. Og som om ikkje alt det andre var gale nok: Ho er ikkje ein gong frua til ein særleg god fotballspelar...

    SvarSlett
    Svar
    1. Fotballspelar? Det forklarar mykje, eg trudde det var slåball han dreiv med eg...

      Slett