måndag 11. juni 2012

Årets gåve

Ein bursdag rett rundt hjørnet? Eller ventar vi på jul? Har du born? Eller har du eit born i deg som ventar på å komme ut? Uansett kva situasjonen er, så trur eg at eg veit løysinga... eg vart tipsa om at noko var på veg, at noko var i emning... at alle born hadde årsak til å fryde seg. Og kva var det?


Slik går det altså når ein har fullstendig frislepp på merchandising! Ja, no kan du snart vente actionfigurar inspirert av mine eventyr her produsert av multikunstnaren Vidar Bratlund-Mæland. Dette er basert på karakterane frå teikneserien tydlegvis (nytt for meg)...

Og inkluderar figurar av Dr. Evil Panda og min sidekick Ms. Crimson Jihad. Kven er ho, spør du? Ein godt vokta løyndom her i moskeen. Kven kan avsløre hennar identitet?

Vel, eg vonar jo at de alle legg hovuda i blaut og prøver å finn ut kven av pikene rundt moskeen som kan ha gøymd seg bak den raude ninjaburkaen. Vi legg vel ut nokre alternativ etterkvart, om vi finn på ein bra premie til konkurransa.

I mellomtida må eg berre beklage og opplyse om at eg ikkje veit kvatid figurane er klare til bestilling eller kva dei kjem til å koste, men eg lovar å halde dykk oppdatert.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar