Byen vart grunnlagd langs ei toglinje i 1908, i samband med eit gruveselskap oppretta året før. Byen fekk namnet etter gruvene, og den første omtala av området som Swastika er i ein rapport frå 1907. Det vart opna hotell og gruvedrifta kom i gang. Diverre var den opphavelege innteninga lita fram til 1911 då det vart oppdaga gull i Porcupine. Gruvedrifta i området vart utvida, og Lucky Cross Mine vart etablert. Det opphavelege gruveselskapet, Swastika, skulle ikkje overleve.
Bygda har haldt på sitt og sine tradisjonar, og kvart år flokkar turistane til bygda for å fiske og jakte. Dei har sjølvsagt ikkje vore uberørt av dei store hendingane i verda, og under andre verdskrig vart det forlangt at bygda skulle skifte namn til Winston til ære for den britiske statsministeren - dei nekta.
Ein gong rundt desember 1913 hadde David Betram Ogilvy Freeman-Mitford, 2nd Baron Redesdale, ein gruveeigar frå England, den utvilsame gleda å feie over kona si i Swastika. Resultatet vart fødd august året etter, og fekk namnet Unity Mitford. Unity var ei underleg jente som klarte å sette sitt lille spor på verdshistoria. Hennar syster hadde eit forhold til, og gifta seg seinare med, Oswald Mosley den tidlegare arbeidarpartisten som på tredvetalet starta the British Union of Fascists. Unity hadde på dette tidspunktet allereie omfamna den tyske føraren, Adolf Hitler som sin Justin Bieber, og vart med på heile galoppen. Ho endte til slutt opp i Tyskland, der ho traff på den tyske føraren og dei vart gode vener. Faktisk er ho å sjå på ved sida av Doffen når han erklærar det berømte Anschluss i Austerriket. Unity vart slitt mellom sin lojalitet til Føraren og sitt heimland, og prøvde å ta sitt eiga liv då Storbritannia kom med i krigen mot det Tredje Riket.
![]() |
| Doffen og Unity, sitt i eit tre og drøymer om fred. |
Ikkje at dette har så mykje med Swastika å gjere då... eg har berre lyst til å reise der. Skjønner? Mullaen forten å ha eit bilete av seg sjølv ved sida av det vegskiltet. Kven er med?


Anbefalt litteratur:
SvarSletthttp://www.goodreads.com/book/show/1618671.De_osannolika_systrarna_Mitford
Vi er kjendt med boka, men har ikkje fått lest ho enno. Takk for påminninga.
SlettNår du allikevel er i Canada og befatter deg med svastikaer er det mulig at denne mannen er verdt et besøk. http://gentleswastikacollective.blogspot.dk/2010/12/manwoman-path-to-reclamation-of_6371.html
SvarSlettFor eit vidunderleg vakkert vesen! Eg vil ta han med heim til Noreg og la han undervise... i eit eller anna!
Slett"When I tattooed my Third Eye, it ended my first marriage." Kvinnfolk nå til dags asså. Ingen tålmodighet med menn som tatoverer seg med hakekors og kaller seg manwoman. Fy, slemme dame.
SlettEg skulder på feminismen, sjølvsagt! Pokkerskapen øydelegg alle forhold... Eg hadde ein kjæraste ein gong som vart sur fordi eg hadde hakekors i stova og på soverommet. Hallo!? Kva er det for noko, liksom?! Feminisme. Eg er sikker på det.
Slett