onsdag 13. juni 2012

Ein mullaplakat

Moralpolitiet rir nettet att, grønnskollingane invaderar bygda vår og vil fortelje oss som bur her korleis vi skal leve liva våre. Vi trudde vi hadde jaga dei ut av bygda for godt førre gong dei kom dragande med bodord og lovprisingar av den, eine sanne etikken. Hykleriet var til å ta og føle på sist gong vi høyrde kommersielle parasittar gneldre om bloggplakat og bloggetikk. For kvifor skal ikkje bloggarar innordne seg etter dei same ordningane som journalistar og tidsskrift? Det enkle svaret om at vi korkje er journalistar eller tidsskrift funka ikkje, at vi ikkje er eller burde vere organisert hjalp heller ikkje, og at vi har norsk lov å syne til hjalp pinadø heller ikkje. For her er det att!

Denne gongen var det Stine Bjerkestrand frå Tidsskriftet som plumpa ut i det i Aftenpoften med å sondere etter nye "modne" motargument mot ein felles bloggetikk av samme type tidsskrifta har. Uansett kor mange gonger eg las innlegget fann eg pinadø ingenting nytt. Og det er godt gjort, for tilogmed eg kan klare å komme på betre argument enn det desse grønnskollingane kan oppdrive. Dette vekte ein del motreaksjonar. Best var kanskje Vampus som påpeikte det openberre: Dei som treng ein bloggplakat, forstår det ikkje, og resten av oss klarar oss fint utan. Maria Gjerpe viste seg og å vere ganske handy til å sette skapet på plass. Sigve Indregard på si side, oppmoda til ein bloggstafett der vi delte våre erfaringar med etiske problemstillingar (du veit: skal eg leggje ut photoshoppa bilete av Siv Jensen, eller ikkje?)... eit forslag som kanskje hadde vore interessant, men som Worsley leste som ei oppmoding til å formulere sin eigen personlege bloggplakat. Og med eitt vart det interessant heromkring.

Kort oppsummert kom Worsley med fire punkt på plakaten sin: 
1. Jeg sparker oppover, ikke nedover!
2. Jeg tar alltid imot konstruktiv kritikk og korrigering.
3. Jeg anbefaler ikke behandlingsformer.
4. Jeg blogger ikke mot betaling.
5. Jeg gjør mitt beste for å være en konstruktiv debattant.
Om eg skulle kommentert dette så hadde det vel vore att å starte ein blogg fordi ein får tildelt midlar kanskje er å få betalt for å blogge, og at bloggplakatar aldri er konstruktive bidrag til noko som helst. Men det er ikkje konstruktiv kritikk, så det skal eg halde meg for god til. Nei, la meg heller plukke opp stafettpinna, og formulere ein mullaplakat tenkjer eg. Eg kasta forslaget til vår alles kjære Undreverset som med ein gong formulerte sitt eige forslag: 
1. Alltid elsk mullaen. 
2. Elsk mullaen, bekjemp pandaene! 
3. Bacon er en frukt.
4. Jenter som har sex med andre enn Mullaen er tøser!
5. Bruker du brunkrem, kanseller Internettabonnement ditt. 
6. Apple er bæsj.
Alle seks er gode, gyldige poeng. Ei enkel oppsummering av min livsfilosofi. Men er det ein bloggplakat? Er det relevant for kven eg er som bloggar, som bloggforfatwar.

Nei, eg vil heller ta utgangspunkt i Worsley sine fem punkter, for eg tykkjer det vert kort og greit, og ho berørar veldig viktig poeng for det ein bloggar må tenkje på. Her har ho truffe spikaren på hovudet, og min mullaplakat vert difor som følgjer:
1. Eg sparkar. Det er ikkje så viktig om det er opp eller ned, i mine auge er de alle under meg. Og eg likar å sparke.
2. Eg lyttar ikkje. Ikkje ein gong prøv å fortel meg at eg tar feil, for det gjer eg aldri. Eg har alltid rett. Du derimot, du tar feil. Og du er ein idiot. Og ein pandaelskande fjott.
3. Eg anbefalar juling. Det er så altfor mange menneske der ute som hadde hatt så usedvanleg godt av ein solid runde med bank. Og du er kanskje ein av dei. Vil du høyre meir om det? Lukk auga, så hentar eg cricketpadla.
4. Eg er til sals. Eg er villig til å blogge om kva som helst, mot heilt absurde låge priser og meiningslause motytingar. Diverre er det ingen som nyttar seg av dette fabelaktige tilbodet. Eg anar ikkje kva eg gjer gale. Dressmann! Ring meg!
5. Ta deg ein bolle! Eg svarar ikkje til deg, eller til nokon andre! Eg talar for moskeen, eg talar for Kosmos og det guddomlege! Denslags er det ikkje lett for det menneskelege sinn å forstå seg på. Så om du går herifrå meir forvirra enn opplyst, så er vel ikkje det mitt problem?! Så konstruktiv er eg! Morradi!

Eg vonar dette var oppklarande for alle dykk som lurar på kva linje eg legg meg på etisk. Og om de har fleire spørsmål, så hugs - I'm Batman!

14 kommentarer:

  1. Om noen lurer; jeg er Mullaens støttekontakt.

    SvarSlett
  2. Det er så betryggende å vite at du fins, Mullah. Og støttekontakten din.
    Hugleik & fred, godnatt.

    SvarSlett
    Svar
    1. Vi eksisterar kun fordi det er behov for oss! Kjærleik!

      Slett
  3. Tidligere i kveld fant jeg en nettbutikk som solgte kaffe med baconsmak. Og nå en bloggeplakat med mullasmak. Dette blir en fullkommen uke.

    SvarSlett
  4. Svar
    1. Sjølvsagt! Det er ei heilt naturleg kjensle!

      Slett
  5. Eg synast lite om mishugnaden din mot panda...

    SvarSlett
    Svar
    1. Du er ein pandaelskar, og du et for lite bacon! Lukk auga! *fomle med cricketbaggen*

      Slett
  6. Fantastisk post. Fint å finne noen som blogger på nynorsk, det er så fint å lese.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er jo trass alt det venaste målet me har.

      Slett