Alle gode ting har ei ende, eller i det minste ein slags avslutting eller mellomspel. Kva dette er, veit eg ikkje, men eit vendepunkt i soga om Litteraturhuset i Bergen er det iallefall. Då eg i februar
la fram mitt kandidatur til sjefsstillinga vart det brått mykje aktivitet der i garden, og vips hadde dei visst bestemt seg for nokon andre. Slik kan det gå, men der satt altså
folkeaksjonen for mitt kandidatur med
Twitterkontoen... og det var ikkje anna å gjere enn å nytte den til å stå på krava. Billige vaflar!
Men det hadde seg slik at desse folka der nede på det lille huset (eller rettere sagt
HUB Bergen der dei held hus fram til opninga av litthus), gjerne hadde lyst til å kvitre med denne Twitterkontoen, og helst då med ein signande fatwa frå mullaens munn. Og no er det ikkje i min natur å vere meir vanskeleg enn naudsynt, så eg gjekk med på eit møte med den nytilsette prosjektarbeidar Rebekka Kvelland.
 |
| Tweedmulla forfatwar munnleg fatwa. Foto: Ole-Christian Bjarkøy. |
Det var ei hyggjeleg samtale, og samtala dekka heile spekteret frå vaffelprisar til kommande mullaprodukt. Du veit, dei viktige tingane. Ja, og så nokre trivielle greier om kommunikasjonsstrategi, bruk av Twitter og Litteraturhuset sitt image og denslags lite teologiske tema.
 |
| Kvifor skal ein vaffel koste meir enn ti kroner? Foto: Ole-Christian Bjarkøy |
Til slutt kom vi til kjerna av saka. Den ettertrakta Twitterkontoen. Eg hadde den heldigvis med meg i veska, og eg kunne vise den fram.
 |
| Slik ser ein Twitterkonto ut. Foto: Ole-Christian Bjarkøy |
Det var ikkje utan ein viss motvilje eg lot Litteraturhuset ta over folkeaksjonen sin Twitterkonto, men det var på tide å sjå kva dei sjølv kunne klare å gjere med denne. Vi har lenge nok forvalta deira kommunikasjonsansvar, og det er på tide å la dei stå på eigne bein og la dei kvitre for eiga rekning...
 |
| Ein ikkje lite stolt Kvelland tar i mot Twitterkontoen. Foto: Ole-Christian Bjarkøy |
 |
| Den første offisiele kvitringa frå Litteraturhuset i Bergen. Foto: Ole-Christian Bjarkøy |
Den første offisielle meldinga gjekk snarleg ut på nettet, og erklærte at det var
på tide med vaflar. Eg og den tilstadeverande fotografen kunne ikkje vere anna ein heilt einige. Og sidan det var eit par timar på overtid i forhold til lunsj, var det berre å haste avgarde ut døra på jakt etter den gyldne mana frå oven! Det viste seg forsåvidt å vere lettare tenkt enn gjort. Lite ante vi at det var klin umogleg å få tak i vaflar i den enda av Hansabyen; vaffeljarn var øydelagd ein stad, ein annan stad var det ti timar til dei fekk ingrediensane, andre stadar hadde dei berre chiligryte og burger. På ein religiøs kafe var det "tomt", dei har tydlegvis ikkje høyrd soga om korleis Jesus gjorde røre til vaffel i eit teselskap i Gomorrah, men slik var det no. Til slutt endte vi opp på ein Solbrød, som lova oss vaflar... men til kva pris?!
 |
| Blodpris. Foto: Ole-Christian Bjarkøy |
49 kroner for kaffe og vaffel? Kvaslags pris er det? Vaffelen var kroner 32, så då var det billigare å kjøpe med kaffe eller te, meinte jenta bak disken. Korkje marknadsmekanikk eller matematikk var deira sterkaste side her, men vi var desperate. Vi ville ha vaflar, og vi ville ha vaflar der og då. Så då var det til at... ja...
 |
| Ein velfortent vaffellunsj. Foto: Ole-Christian Bjarkøy |
... ja... vaffel i det fri. Både for meg og den elegante, rettruande fotografen i eit litt turisttett strøk.
 |
| To herrer med skjegg. Foto: Ole-Christian Bjarkøy |
Det var simpelthen ein velpassande og roleg epilog til eit godt møte... men eg vart sittande att med eit lite spørsmål... kva er det det paret i vindauget held på med på dette biletet?
 |
| Skål for engasjerte tilskodarar. Foto: Ole-Christian Bjarkøy. |
Og det var det for denne gong, for folkeaksjonen for at eg skal bli litteraturhussjef. Vi avventar neste ledige sjefsstilling der ute. Litthus, mykjehus, vi er med på alt.
HVA MED VAFFELPRISENE?
SvarSlettVaflar var som kjendt eit tema, men vi fekk ingen konkrete lovnadar, men mullaens posisjon var klokkeklar. 10 kroner eller mindre!
SlettIngen løfter? Og så lot du dem få den? DU HAR SOLGT SJELA DI FOR TREDVE SØLVPENGER MINDRE ENN TREDVE SØLVPENGER!
SvarSlettMullaen held sitt ord, eg lova at dei skulle få kontoen om dei ba om den og tok godt vare på den. Om det viser seg at dei ikkje er flinke nok... vel... dei har tydlegvis ikkje tatt seg bryet med å endre passord enno iallefall.
SlettJeg synes det var generøst av deg å gi slipp på Twitter-kontoen.
SvarSlettVi likar å gje av oss sjølve her i moskeen.
SlettEn verdig seremoni, må man si. Og angående det siste bildet, var det jo artig at dere valgte å legge kaffepausen til en kafé rett utenfor den lokale sinnsykeanstalten.
SvarSlettVerdig er mitt mellomnamn.
SlettMitt fornamn har med det siste bilete å gjere.