onsdag 6. juni 2012

Meir pandapropaganda

Det er ikkje kvar dag ein vert utsatt for så brutal pandapropaganda at arbeidet stoggar fullstendig opp. I dag var ein av dei dagane for meg. Ein video som glattar over absolutt alt som gjer Pandabjørnar verdt å hate! Ein motbydleg nasjonalsong for det blodige tyranniet vi kjenner som Pandamonium!


Eg får fullstendig fnatt av dette.

Verkeleg.

Det er kvalmt å sjå korleis unge menneske slik kan kaste seg på kne framfor den store rasefienden! Eig dei inga ære? Ingen skam? Kva er i vegen med den oppveksande generasjon?

Dei treng nye heltar, og nye heltar skal dei få... berre vent og sjå!
Kunstverk av Vidar Bratlund-Mæland, 2012.
 Dette... dette er oppbyggjeleg propaganda. Vil ikkje du ha dette på veggen din?

1 kommentar:

  1. Jeg må bare kaste meg i støvet og be ydmykt om unnskyldning. Skal prøve og ikke la det gjenta seg. For ofte.

    SvarSlett