tysdag 5. juni 2012

Sportskommentatoren

Eit røyklagt sinn
Kva kan vi vente oss av rettssaka denne veka? Kva kan vi vente oss av kampen i helga?

2 - 0 til aktoratet? Raudt kort til dei sakkyndige?

Det var Bjørn Are Davidsen som sa det best: Ein vert litt sportskommentator når journalistar vil ein skal kommentere den pågåande retssaka mot Breivik. Men kommentarar vil dei ha, og det er ein evig rundgang på synsarar som har noko som dei skulle ha sagt, og avogtil kjem turen til meg. Etter at fjorårets artikkel om Breiviks mytologi vart publisert på nett i førre veke, tok det ikkje lange tida før dei ville ha nokre nye kommentarar frå meg. Denne gongen på NRK Kulturnytt i går.

Kva tankar kan ein eigentleg gjere seg om vitnene som står parate denne veka? I går fekk vi ein enetale av Mattias Gardell, medan Ole Jørgen Anfindsen, Noregs mest klassiske rasist, fekk høve til å leike "ekspert" og seie underlege ting. Så underlege at domstolen reagerte. Så då reagerar alle som har sympati med han. Ja, for no synar jo rettsstaten Noreg sitt sanne andlet. Det sosialistiske tyranniet kan godta Gardell, men ikkje Anfindsen.

Dette vert sjølvsagt tett følgd av Ronny Alte som nokon lurte på kanskje var full. Diverre er det slik han er når han er edru. Fyren er ikkje den skarpaste kniven i skuffen, la oss la det vere med det. Deretter følgde Arne Tumyr... som eg skal la vere i fred, for mannen burde jo forsvarast mot seg sjølv. Det er tragisk. Og så... vel, ingen rettssak kan vel vere komplett utan ein gamal odinistisk nazist, eller kva? Kva Tore Wilhelm Tvedt gjorde i rettssalen kan berre forsvaret svare på... Ein aldrande, tomsete, småripstafsande nazist har vel ikkje så mykje å fortelje.

Eller ein ting hadde dei alle å fortelje. Det er så synd på dei, dei får jo aldri komme til ordet. Anna enn i alle avisene, på fjernsyn og i ein domstol. Alle fantastiske arenaer der dei kan repetere den marginaliserte høgresida sitt evige mantra: VI SLEPP IKKJE TIL ORDE I DEN SLEMME MARXISTPRESSA!

Det er til å få vondt i hovudet av. Verkeleg. Og dei er jo ikkje åleine om å ikkje komme til ordet. Eg kjenner frykteleg mange kronikkforfattarar, kommentatorar og aktive debattantar der ute i fløyen som alle insisterar på at dei aldri får komme til ordet. Kvaslags hovudbodskap er det å servere? Er dei verkeleg så kørka at dei trur dette sjølv? At vi ikkje er einige med det vrøvlet dei har å komme med, tyder ikkje at dei vert sensurert. Det tyder berre at vi har litt meir vet, og litt meir empati i sekken enn det dei har. Det er synd på dei, det er klart, men ikkje av den årsak som dei sjølv hevdar.

Det er nesten som eg skjemst av å vere ein sint, ung, kvit mann.

Ikkje at eg er så ung lenger då. Og eg vert jo berre eldre av å høyre på desse toskane.

Så ja, der har du kamprapport, stemningsbilete og prognose i etterkant for rettssaka så langt denne veka.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar