tysdag 31. juli 2012

Portugal er ikkje eit land ved middelhavet

Det er lett å ta feil, sidan det er nabolandet til Spania, og tilhøyrer samme språkgruppe. Det ligg liksom der i denne suppa sofistikerte nordmenn kallar Syden, men eg har etter lengre tids vurdering komen fram til at det er på tide å skille Portugal ut av middelhavshelvetet. Portugal produserar trass alt suveren vin, og har ein mattradisjon som gjev infarkt berre ein les oppskrifta. Her snakkar vi bacon, bacon, bacon. Med bacon og feitt attåt. Dette er gode ting, men ikkje på langt når så bra som denne skulen utanfor Lisboa som tidlegare har vore omtalt.
Alt i alt er det gode grunner til å byrje å sjå på Portugal som noko anna enn eit middelhavsland full av olivenfarga casanovaer. Kanskje dei tilogmed har kultur? Ei vaksande samling av portugisisk musikk i hylla kan tyde på det. Ikkje minst når ein snublar over perler som dette bandet i dag:


Hallo? Korleis kan ein ikkje like dette? Openbert eit teikn på at dei er ein høgare ståande sivilisasjon, skvist ut i randen på den iberiske halvøya av desse spanske strandbøllane som dominerar regionen med rå muskelkraft og kroppslukt!

Og apropos musikk så ser Portugal heim til eit av dei meir interessante musikalske foretaka som har funne vegen til hylla mi: extremeocidente. Ein platelabel som har gjort det til sin spesialitet å snuse opp interessant og eksentrisk musikk frå rundtomkring og gje ut. Anten det er uoppdaga perler eller klassiske album som forten ei spesialutgjeving. Av dei utgjevingane eg har vore borti så langt, har alle hatt ei solid innpakking og utforming. Og det fysiske ved ei plate er alltid viktig. For å forklare filosofien må eg nesten la dei snakke sjølv:
"EXTREMOCIDENTE is a label operating from Lisbon connected to what could be loosely termed ' Industrial Culture '. Extremocidente is the result of stubbornness allied to the ongoing war against the effects of time , a war we know we will lose . Extremocidente does not pretend to be a platform for any kind of political , social or personal change . Extremocidente is a watchtower , a place where you can stop , observe and possibly even draw conclusions about the age we live in . Despite having no political agenda Extremocidente is Libertarian in content and Totalitarian in approach . Our enemy is strong and we are sieged . Extremocidente feels blessed to live in the present times."
Dei har ein altfor lite nytta Youtubekanal du kan sjekke ut om du vil.

At hjerna bak denne operasjonen, Joao Verissimo, har høyrd om moskeen og vårt arbeid for å tryggje Europa i kampen mot allskens nedbrytande ukultur, har sjølvsagt ingenting å seie for at vi har komen til konklusjonen om at Portugal og det portugisiske folk er noko heilt anna enn slibrige middelhavsfolk. Nei, for det måtte det sjølvsagt bestikkelser til. Som denne vakre plata, truleg frå Argentina eller noko slikt, som er sendt med kurer til moskeen:
Hola Kitty, indeed! Vi er sjølvsagt særs takksame for denne gåva som har bidratt til å løfte portugisarane ut av selskap med ubehøvla franskmenn, italienarar, spanjolar og grekarar. Eg reknar med dei feirar stort der nede no.

Velkomen inn i det gode selskap Portugal, eg vonar å sjå dykkar mest aktverdige representant, Joao Verissimo her i det kalde nord i næraste framtid slik at eg kan takke personleg. Det er ikkje ein invitasjon. Det er ei ordre. Så er det sagt.

2 kommentarer:

  1. Vi mistenker at dette vil bli mullaens livrett. Den er en spesialitet fra Porto, og da jeg spiste den der fikk jeg et speilegg på toppen (speilegg regnes som et krydder i Portugal, og man må jo ha krydder på maten).

    http://en.wikipedia.org/wiki/Francesinha

    SvarSlett