tysdag 24. juli 2012

Ramadan, baconsylte og BLT

Det er den aller heilagste månaden i den islamske kalendaren, ramadan. Verda over går rettruande i seg sjølv og gjennom oppofring prøver å gjere seg til betre menneske. I teorien. Mykje av tida går med til å tenkje på mat, og det å bryte fasta så snart sola går ned. Ein vert så grusomt svalten under ramadan, og fråveret av mat gjer det vanskeleg å tenkje på noko anna. For å kunne konsentrere seg om noko anna, og faktisk møte utfordringa det er å verte eit betre menneske, må ein ty til ulike strategiar. Ein av dei er å unngå påminningar om mat. Deilig mat.

Det er litt synd, for eg har frykteleg mykje matting eg har lyst til å blogge om dagen. Ikkje minst fordi eg har fått meg nytt kjøkken og har kost meg godt på kjøkkenet. Det skada ikkje at eg har oppdaga ein liten baconløyndom som har gjort ein del matretter usedvanleg gode og fruktige. Som BLT til dømes, denne berømmelege smørbrødet som består av bacon, salatblad og tomat - eller bacon, lettuce & tomato som det heiter på finspråket. Dette er ein matrett som vart fullstendig revolusjonert for halvanna veke sidan, då @dnoate på twitter kunne opplyse meg om eit vidunderleg funn:
Nokre få dagar seinare kunne eg plukke opp nokre glas av dette vidunderet på arbeidsstaden til @dnoate.

Ed Hick's Bacon Jam, la oss kalle det baconsylte, er ein chutney som består av 51% irsk bacon, resten er lauk, "Llewellyn's Balsamic Cider Vinegar" (vi antek walisisk balsamico), sterk svart kaffe, lønnesirup, rå sukkerrør, kvitlauk og nokre krydder. Resultatet er ei sylte du kan smøre på ting du elles ville ha steikt baconfrukt attåt, som hamburger og speilegg, og som stort sett er anvendeleg til dei fleste måltid om dagen. Du kan tilogmed nytte det som dressing på pasta. Det er med andre ord eit himmelsk produkt som eg føler det er litt upassande å skrive om no under ramadan, og difor tenkjer eg å la vere. Av respekt for dei mange som sitt no og prøver å tenkje på noko anna enn mat kan eg simpelthen ikkje skrive om dette.

Difor kan eg heller, slik eg har lyst til, fortelje om korleis ein kan lage ein heilt vidunderleg BLT med denne baconsylta. Det er såre enkelt skjønne de. Først og framst treng ein jo berre dei heilt openberre ingrediensane.
Vi må ha baconsylte, salatbladog nyoppskårne saftige tomatar. Og medan baconsylte kanskje er litt vanskeleg å få tak i, så veit ein iallefall at det er tilgjengeleg i Irland så då er det berre å stogge innom på veg frå jobb eller noko ein dag. Etter ramadan. Resten får du tak i dei fleste matvarebutikkar. Utanom min tidlegare nærbutikk. Der var frukt og grønsaksavdelinga ein skam for menneskeheita. Den var faktisk litt skummel. Men nok om det.
Det neste steget eg skulle ha fortald om, dersom eg ikkje skulle vore påpasseleg og ikkje skrive om matlaging denne månaden, hadde vore å smøre baconsylta på to brødskjever. Fantastisk kva? Har du ikkje lenge ønskja deg bacon du kan smøre på ting? Som brød, tortillalefser og sexpartnarar? Eg kjem ikkje over kor flott dette lille glaset er å ha på kjøkkenet.
Etter baconsylta følgjer ein opp med salatblader. I dette tilfellet meir eller mindre fersk rapidsalat. Funker som berre pokker til dette.
Så slenger du på tomaten. Tomaten er litt som bacon, eigentleg. Det er eit tema eg gjerne skulle ha skrive om dersom det ikkje var ramadan. For mange trur at både bacon og tomat er grønsaker, men beggje er faktisk frukter. Ja, du høyrde meg tomaten er ei frukt. Spennande kva?

Når tomaten er på, er det berre å slenge saman det vakre produktet.
Herleg delikat, ja? Skikkeleg saftig og sunt smørbrød som sparkar i gang dagen din slik som hør og bør. Hadde det ikkje vore for at det var ramadan så skulle eg pinadø ha skrive eit langt innlegg full av desse bileta for å fortelje om kor enkelt og greit ein BLT kan gjerast. Men det får vel vente til seinare.

Huff, no var eg brått svolten. Anar ikkje kvifor det skal vere så vanskeleg å la vere å tenkje på mat eg...

Følg med vidare medan eg held fram med å la vere å blogge om mat under ramadan.

11 kommentarer:

  1. Kor i all Bergen fikk du tak i dette? MÅ HA!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Men kjære ven, skriv eg ikkje det då? Import frå Irland, per fast lesar. Dei stryk snøgt med, eg har berre to glas att.

      Slett
  2. Det ser ut som leverpostei!

    SvarSlett
    Svar
    1. DU SER UT SOM LEVERPOSTEI!

      Eg meiner... uhm... men det er det ikkje. Det har ein litt anna tekstur som er vanskeleg å fange når det er smurt utover ei brødskjeve.

      Slett
  3. "For mange trur at både bacon og tomat er grønsaker, men beggje er faktisk frukter."

    Tomat er frukt. Salat er blomst. Er det ikke litt homoerotisk å spise blomster?

    SvarSlett
    Svar
    1. No er eg usikker på korleis det å ete blomar vert homoerotisk... er det på grunn av denne "blomsterFinn" det? Har han komen med kokebok òg?

      Eg ser i utgangspunktet ikkje noko gale i homoerotikk så lenge det praktiserast av rettruande heterofile menn.

      Slett
  4. "er det på grunn av denne "blomsterFinn" det? Har han komen med kokebok òg?"

    Close enough?
    http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=2752512&rom=MP

    SvarSlett
    Svar
    1. Skandaløst! Skaaaandaaaaløøøøst!

      Slett
  5. Har funne oppskrift. Dette skal snikrast.

    SvarSlett
    Svar
    1. Vi forventar dokumentasjon av prosjektet. Fotografi og framgangsmåte høyrer heime i bloggen her.

      Slett
  6. Vi får ta ein matsnikkardag i august og snikkra vaffler, baconsyltetøy, curry etc.

    SvarSlett