måndag 27. august 2012

Absalong er attende!

Trur vi. Vi trur at Bergens beste utelivstilbod er attende no. Vi er rimeleg trygge på det. Eit arrangement er iallefall på trappa om eit par dagar. Ja, du høyrde meg... det er på tide med Absalong att. Om du ikkje har høyrd om Absalong, så er det på tide at du tar deg saman og følgjer med i timen. Absalong er ein salong og diskusjonsarena for det absurde, det abnormale og det som treff deg i abdomenet. Absalong følgjer i tradisjonen av den gamle salongoffentlegheita og byr folk på ein stad der dei kan høyre på eit foredrag utanom det vanlege, av nokre av dei beste formidlarane vi har tilgjengeleg. Temaene som har vore tatt opp har vore alt frå naziporno og raseforskingas opphav til vampyrar, varulvar og Illuminati. Alt satt i stemning av musikk du ikkje høyrer nokon annan stad på byen.

Absalong er simpelthen staden du har lyst til å vere om du er i Bergen. Og no er staden flytta til VIP Lounge ved Lille Lungeren. Og det heile startar med sleppefest for årets store norskproduserte teikneserie: Pickman's Model av Den Unge Herr Holm. Teikneserien er basert på Lovecraftnovella med same namn, og... vel... har inntil nyleg vore rekna som umogleg å illustrere eller attfortelje visuelt. Den Unge Herr Holm har jobba langt og lenge med prosjektet, godt hjulpen dei siste to åra av at han har sluppe å lage gratisplakatar for Absalong (den tida er no over!). Kva novella handlar om? Utover at det er ei reise inn i det mørkaste av ein kunstnar sitt sinn, og at det kan ha noko med kannibalisme å gjere, røper vi ingenting. For kannibalisme vert sjølvsagt eit tema her. Så då må ein viss folklorist til pers og snakke om dette så smakfulle tema i ein halvtime eller så. I tillegg vil den Unge Herr Holm verte tvungen, under tungt avhøyr, om å avsløre alle sine løyndomar og fetisjistiske tendensar når det kjem til Lovecraft. Og prikken over i'en vert ein støyande og deilig konsert med dei lokale heltane i Solstorm. Og det vert sjølvsagt høve til å kjøpe eit signert eksemplar av boka!

Det er med andre ord ingen grunn til å la vere å komme.

Du kan lese detaljar om arrangementet på nettsidene, og gje ein peikepinn om du kjem eller ikkje på fjasebokji.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar