fredag 10. august 2012

Babybacon

Eg var ein motvillig Facebookbrukar, men for nokre år sidan vart eg overtydd, og etterkvart frelst inn i den klamme varmen som er Facebook. Det går stort sett greit, eg er omringa av kloke menneske som poster interessante ting om bacon, politikk og bacon. Og meir bacon. Problemet er at eg òg har vener og familie som insisterar på å formere seg. Dette er ein aktivitet eg helst ser foregår i det private, men det har seg slik at ein konsekvensane av å få barn er ei hormonell forstyrring som gjer at dei insisterar på å poste bilete av barna sine på Facebook. Heile tida. Dei verste syndarane bytter ut sitt eiga profilbilete med eit bilete av den lille bæsjemaskina.

Det er ikkje berre ikkje naudsynt, det er tidvis litt plagsomt. Og ein har berre to alternativ, la vere å kommentere, eller å skrive at ungen er så søt så. For... vel... ærleg kan ein iallefall ikkje vere.

Hadde deg ikkje vore fint å sleppe å verte satt i denne situasjonen? Vel, nyttar du Chrome så er redninga her. Den siste veka har ein ny pluginn gått som ein farsott over verdsveven. Berre høyr her!

Browser Plug-in Turns Your Friends' Babies Into... by Buzz60


Nemleg! Du kan gjerne barna til dine vener om til bacon. BAAAACOOON!

Eg skal ikkje påstå at eg i stille stunder ikkje har tenkt tanken eit par gonger, men dette er jo ein langt mindre drastisk måte å oppnå om lag det samme resultatet enn det eg hadde i tankane! Glimrande!

Last ned Unbaby Me og nyt ein barnefri og baconfyllt tilvære på Facebook. I det minste ein plass vil du vere fri.

No treng vi noko som kan gjere det samme med mobilbilete.

4 kommentarer:

  1. Jeg har et enda bedre forslag: En plugin som gjør ALLE bilder på Facebook om til bilder av basseter. I tweed. Tenk så trivelig, da!

    SvarSlett
    Svar
    1. Etter nøye vurdering av tilgjengelege skrifter har vi komen fram til følgjande konklusjon: Nei.

      Slett
  2. Gris er skitten.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er heilt rett. Difor er vi alle glade for at bacon er ei frukt.

      Slett