fredag 17. august 2012

Kamprapport: Pandaria

Som vi har vore inne på, vil Pandamomium tre tydlegare fram som manipulatorane bak World of Warcraft med sin neste expansion: The Mists of Pandaria.

Dette er noko vi ser på med stor uro, men vi er visse på at ikkje alle vil la seg lure, og at ein og annan vil reise seg og mane til strid når utvidinga vert tilgjengeleg for det store publikum. Vi har faktisk fått ein kamprapport frå spelet som tyder på at det allereie har skjedd. Nokon har tatt på seg oppgåva å mane til kamp mot pandabjørnane allereie no. All ære vere the Panda Exterminator som har sendt ut denne rekrutterings- og propagandavideoen!

Så er du eit av desse uheldige kreka som ikkje klarar å rive deg laus frå Pandamoniums massive onlinemakkverk, så veit du at det finnes dei der ute som vil hjelpe deg. Gjer motstand! Ta kampen til deira heimebane, ta kampen til Pandaria. Drep ein kvar panda du ser der!

2 kommentarer:

  1. Altså...eh.. nei.

    Eller jo. Jo jo jo! Skyt pandaene! Eg fattar framleis ikkje korleis dei kan lage ein rase av pandaer. Det er rett og slett teit. Kva blir det neste? Spekkhoggarar og delfiner?

    SvarSlett