tysdag 7. august 2012

Nakenidrett og golf i krigstid

Eg vert fortald at London er åstaden for ein olympiade av eit slag i desse dagar, der overbetalte amatørar spring rundt meir eller mindre avkledd framfor hylande folkemengder og klovner seg. Det heile framstår som surrealistisk når eg prøver å forestille meg dette. Eg er ikkje i London, så eg får ikkje sett det med eigne auge. Det som overraskar meg mest er at dette på eit eller anna vis vert omtala som "sport". Sist eg sjekka var ikkje klovnestreker og ablegøyer i delvis avkledd tilstand å rekne som fullverdig sport... meir noko som høyrer heime innanfor den private sfære, kanskje? For all del, eg forstår at denne olympiaden er eit forsøk på å emulere dei klassiske greske sporstaffærane, der olivenfarga atletar demonstrerte fysiske ferdigheiter i adamsprakta. Og det heilt utan sponsoravtaler, noko som gjer det hakket mindre vulgært enn denne bleike moderne etterlikninga. Nakenidrett har sin sjarm, og det hadde jo sin renessanse under dei glade dagar i Tyskland, men kapitalistane tykte det var vanskeleg å finne kroppsdelar å sponsormerke, og utøvarane var uvillige til å la seg tatover med Volkswagen og Coca Cola-logoar.

Slik kan det altså gå. Personleg held eg meg til klassiske sportsgreiner som cricket og golf. Dette er sport for herrer, og som ikkje involverar klovneaktige kostymer eller utagerande usivilisert atferd frå nyrike atletar. Ein kan kanskje inkludere polo blant desse sportsgreinene, men det er ei kjensgjerning at hestane sveitter ein del under denne aktiviteten, og sveitte diskvalifiserar ein kvar aktivitet frå å vere ein sann gentlemannssport. Cricket derimot skal utøvast i eit behagleg tempo, akkompagnert av te, martini og gin, samt agurksmørbrød og sømmelege kvinner. Det sentrale her er at ein kjem seg ut i frisk luft i landlege omgjevnadar. Det gjeld òg for golf, som er ein sport som er perfekt dersom ein har mykje plass til overs. Golf er perfekt dersom du likar å vere i fysisk aktivitet. Ikkje berre får du spasert (i eit samtalevennleg tempo, så klart), men du får svingt litt med armmusklane dine som gjerne er litt stive om du har ein kontorjobb. Problemet med store landområder er sjølvsagt at vedlikehaldet koster, det er dyrt med gartnar. Og så må du ikkje gløyme at det er lett å slite ut ein caddy òg, særleg om dei vert dehydrerte så ta med rikeleg med vatn, i tillegg til whisky og gin. Men hugs at det sistnemnte er til deg, medan vatnet er til caddyen. Forvekslar du dette vil katastrofa vere eit faktum.

Eit anna problem med golfbaner er at eit så stort areal gjerne vert utsatt for skader. Særleg i krigstid. Ein tenkjer ikkje mykje på det, men vi er altså i krig her og der i verda, og dette medfører ein viss risiko. Ikkje berre vil piknikker måtte avlysast om det er fare for kuleregn, men golfbana kan verte alvorleg skada av krigsgjerningar. For at ikkje fleire golfrunder skal verte avlyst enn naudsynt har ein heldigvis i arkiva eit reglement som handterar akkurat desse problema.

Det er eigentleg alt ein treng å hugse på, utanom at det kanskje er verdt å merke seg at krigstid eller ikkje, så er cricket og golf (samt polo) idretter som ikkje vert meir sjarmerande om dei vert utførd nakne. Korrekt antrekk er viktig.

Game on.

2 kommentarer:

  1. Personleg held eg meg til klassiske sportsgreiner som cricket og golf. Dette er sport for herrer, og som ikkje involverar klovneaktige kostymer.

    Eh, kjære Mullah - har du noen gang sett enb golfspiller? Klovneaktige Kostymer er jo etternavnet deres...

    SvarSlett
    Svar
    1. Tull og tøys. Det er stil av ypperste klasse!

      Slett