Grensene for kvar og kvatid ein har lov til å nytte mobiltelefonar vert utvida heile tida. Først vart det lov å ta telefonen om ein stod og prata med nokon, så vart det lov å svare på meldinger. Så vart det lov å snakke i mobil når ein stod i kø eller på kassa, og så kom desse jævla handsfretelefonane som lar alle gå rundt som om dei hadde stemmer i hovudet. Vi er jo alle einige om at ein ikkje skal tekste eller snakke i telefon når ein er på kino, men kvifor er det då alltid nokon som gjer det? Jo, fordi reglene ikkje gjeld for deg, tenkjer du. Ditt tilfelle er jo spesielt. Du må vete kva som skjedde på den festen du ikkje var på; klinte ho verkeleg med han?
Så den eine skansa etter den andre fell. God smak og oppførsel er i stadig tilbaketog... men for Guds skuld, gutar, det er ein stad eg ikkje hadde venta å sjå dykk snakke i mobiltelefon. Og det var her:
Alvorleg, jævla talt!
Eg hadde vågd meg ut på eit eventyr blant allmuen, på eit av desse større kjøpesentra i utkanten av sivilisasjonen. Her der proletarar og plebeiarar valfartar for å handle inn sine grillpølser og gulostar, og... usedvanleg stygge klede, måtte eg følgje naturens kall. Og det var på det offentlege herretoalettet eg var vitne til eit menneske, ikledd det som eg antek er den tradisjonelle påkledninga for klyser, som stod i urinalen og snakke i sin mobiltelefon. Faktisk snakka han i den då han kom inn, medan han gjorde sitt fornødne, og når han vaska og tørka sine hender.
Eg vart ståande mållaus att, vel vitande om at eg har sett eit av dei mest synlege teikna eg kan tenkje meg på den vestlege sivilisasjonens totale kollaps. Vi er vitne til ein hyperaktiv degenerering av mennesket til å verte påkledde, trente halvapar. Det er ingenting som kan stogge denne utviklinga virker det som. Det er tidsånden. Det er Kali Yuga.
Ein kan jo kanskje henge eit varselskilt over urinalen om at det er forbode å snakke i telefon der... men at det skulle vere naudsynt tilseier nok at vi er komen til eit punkt der skilting er vanskeleg å tyde for desse troglodyttane rundt oss.
Nei... dette er slutten min vener. Slutten på skikk og bruk. Og slutten på sivilisasjonen.

Det er morsomt :)
SvarSlett