fredag 14. september 2012

Kamprapport: Trånjæmm!

Foto: Erlend Mørk
Problemet med å farte rundt, er jo at det vert lite tid til å blogge... så det tar gjerne før ei veke, før eg får lagt ut reiserapportar. Eller kamprapportar som det visstnok skal heite. Men no er det eit par timar opphold til å ta ein slurk av sufijuicen og fortelje at eg nyleg vitja byen av dei mange bartar - Trånnjæm. Det er jo sånn ca Nord Noreg det, så det er rimeleg eksotisk. Det første som møtte meg var som alltid ein bussjåfør med bart. Stor, skamlaus bart. Og eg visste at eg hadde landa i rett by.

Høvet var eit foredrag i regi av dei gode folka i Forum Nidrosiae, som altså eg skulle halde.

Eg kan ikkje seie anna enn at turen var ein dundrande suksess; fuktig og underhaldande. Etter å ha hoppa av på feil stopp, måtte eg gå heile fem minutt til ein annan del av byen der hotellet eg skulle bu på var. Dette hotellet folkens, får all verdas tomlar opp. Neste gong eg er i Trånjæmm vil eg insistere på å verte inlosjert på Clarion Choice Bakeriet. Eit klassisk 1800-tals bygg, som tidlegare har fungert som... vel... eit bakeri. Det første du ser, etter resepsjonen er atriumet. Her finn du matsalen. Og frå 15.00 til 18.00 er det gratis sjølvbetjenings vaflar.

Gratis.

Sjølvbetjenings.

VAFLAR.

Og dei var gode. Goooode. Omnomnomnom! Ingenting å klage på der, nei. Og rommet... det var like snasent, romsleg og fint. Nok ein gong, klassisk 1800-tals. Med utsikt over... gata nedanfor. Kanskje ikkje spennande, men litt koseleg var det. Fekk lyst til å sette meg til rette med ei rifle, og skyte evt. viktige personar som kom vandrande.

Men gjorde ikkje det. Eg tok turen bort på nærliggjande Cafe 3B der eg etter eit godt måltid hadde gleda av å raljere litt om kjende og ukjende forfattarar av det spekulative slaget. Sleivspark mot Heinlein, Dick, Tolkien og Rand i massevis då eg haldt foredraget eg kallar I Fantasiens skuggedal. Rasekrig og klassekamp i science fiction og fantasy.

Eg antek at foredraget fall i god jord, for dei lot meg snakke ferdig, og arrangøren gjorde eit anstendig forsøk på å skjenke meg god og glad på Mellow Mullah som vart servert i baren på dette høvet. Og etter mitt foredrag kunne eg og resten av publikum nyte vakre marsjtoner frå lokale Fleischer, akkompagnert av det eg antek var feriefilm frå andre verdskrig.  Forsamlinga var jamt over ein hyggjeleg gjeng, og eg følte snøgt eg var vener med dei alle saman (ikkje berre alle dei eg var godt kjendt med frå før), så eg følte eg ikkje kunne gjere anna enn å ta med meg to flasker vin og slepe med meg ein gjeng attende på hotellet for eit lite etterspel eller noko slikt.

Ein passande vin for kvelden
Og det var eit absolutt fabelaktig etterspel. Berre avbrudt av ein brannalarm ein gong i to-tre-tida om natta. Hotellets mange trøytte gjestar flaumde ut dørene ein og ein eller i små grupper. Brannalarmen i seg sjølv best av nokre ulelyder etterfølgd av ein herrestemme med merksnodig dialekt som fortel oss at dette er ein brann, og at vi måtte evakuere og vente på vidare instruksjonar. Så fekk vi same beskjed på engelsk og tysk. Særleg på tysk var det velklingande og full av saftige imperativ som fekk oss til å trekkje på oss våre spasersko og gå ut for å helse på dei andre gjestane.

Der stod dei, gamle slitne menn kunn iført bokser og frakk, 50 år gamle kjerringer i slitte treningsklede og allskens anna folk i ulike stadier av avkledning. Og så var det oss då. I dressar og vinglas i handa. Vi følte oss litt skuldige, men det var strengt tatt ikkje vår feil, vi hadde enno ikkje satt fyr på hotellrommet.

Etter kvart kunne brannvesenet pakke saman og hoppe i bilane sine, utan at vi hadde noko meir forståing om det hadde vore brann eller berre vi som var så forbanna heite, og vårt litt etterspel kunne halde fram. Denne gongen utan vidare avbrudd. Eg vakna på eit hotellrom som var definitivt meir redusert enn meg sjølv... og med falske blomar over alt. Frå undertøy til skjegg.

Så slik er det i Trånnjæm. Dagen etterpå gjekk med til å henge på kafè, lese, sjå på folk med bart... og så flakse heimover.

Alt i alt var vi alle einige om at det var ein fin tur, og vi reiser gjerne opp att for å treffe gamle og nye vener. Så det er berre å invitere mullaen om det skulle vere noko som treng hans forklaring der opp.e

1 kommentar:

  1. Grei rapport, og god rekognosering, men noe uklar avgrensing av frontlinjer, fiendeidentifisering og avklaring ellers.
    Hva betyr f.eks de flaske blomstene?

    Kohorteleder 397b

    SvarSlett