tysdag 2. oktober 2012

Imamsøknad


Så den andre moskeen i Bergen har utlyst ei ledig stilling som imam. Og då eg som mulla i min moske ikkje er lønna nemneverdig, slo det meg at eg kanskje burde dele mine aktivitetar mellom dei to moskeane. Eg sendte ut spørsmålet til eit par lojale tilhengjarar som alle meinte at dette vart eit godt høve til å spre moskeens bodskap til... vel... den andre moskeen. Og korleis kan dei ikkje gje meg jobben? Kor mange andre er kvalifisert til ei slik stilling heromkring? Så eg har kladda litt på ein søknad, og vil gjerne ha litt input på den.

"Hei, mitt namn er Hastur, din gule konge, levande profet og glad mulla med koseleg mage, eg søkjer med dette på stillinga som imam i 50%. Tidlegare i år prøvde eg å få meg jobb som litteraturhussjef, men visstnok ville dei ikkje vurdere meg fordi eg aldri hadde sendt inn noko søknad. Den tabben har eg ikkje tenkt å gjere i denne samanhengen, for eg er imamen de treng i dykkar moske.

Eg er den perfekte kandidat for å bidra til eit økumenisk nettverk, sidan eg likar dei aller fleste. Og ein må vere rimeleg hjernedød for ikkje å like meg. Altså, vi snakkar fullstendig tilbakeståande og siklande idiot. Det er jo eit skikkeleg teologisk spørsmål det der, om nokon som ikkje likar meg forten Allahs nåde og kjærleik. Eller har livets rett i det heile tatt. Men det er kanskje noko vi skal drøfte i ei anna samanheng. Det viktige her er at eg er ein snasen person å ha med å gjere. Og det er eit usedvanleg godt trekk ved ein imam. Og seinare mufti. Evt. kalif.

De etterlys ein sunnimuslim med islamsk basisutdanning, god arabisk og som kan Koranen utanatt. Vel, det er ikkje meg. Eller eg har jo bladd i Koranen ein del, eg er jo trass alt ein mulla, men det eg har ein travel kvardag så det vert gjerne ein del skumlesing. Og arabisken min strekk seg så langt som til å takke skikkeleg for kebaben. Men er dette no så viktig? Er det ikkje viktigare å gå i seg sjølv, og lytte til kva Allah fortel meg, gjennom magekjensla? Og så leite etter ein eller annan laus presedens for påstanden i Koranen eller Hadith? Eg trur det. Eg har ei sterk kjensle av det. 

Moskeen treng ein imam som har eit sterkt forhold til ernæring, særleg konsum av sufijuice og rotfrukt som bacon. Her er det ikkje mange som klarar å henge med på moderne teologi, men med mi sterke hand ved roret kan vi alle saman hamne på ein (dervisj)snurr og ha ein cowboyfrukost dagen derpå. Moskeen treng ein mann som ikkje er redd for å uttrykkje kva posisjon Cthulhu og Hello Kitty bør ha i moderne islamsk teologi. For ikkje å snakke om kor jævlege desse pandasvina er! Fysj og fy, om det er noko som er haram så er det det.

Ja, og så trur eg moskeen bør vere på Twitter og Facebook og slikt, gjerne på Deiligst.no òg, og kan sikkert forfatwe ein fatwa om det. Mine fatwaar er jo dei aller beste ein får i dette landet. Eg får sjeldan klager. Og dei som klager... vel, eg synar til avsnitt lenger oppe om folk som ikkje likar meg. Faktisk kan vi rekne denne søknaden som ein fatwa. Eg kjenner det på meg, i magen og kundalini, at eg burde vere imam i moskeen dykkar.

Ingen protestar? Godt! Eg byrjar på måndag eg."

Kva trur de? Kan eg sende søknaden slik, eller bør eg endre på noko?

21 kommentarer:

  1. Kjør på. De kan UMULIG ikke velge å ansette deg. Vurderer selv å konvertere dersom du blir ansatt.

    SvarSlett
    Svar
    1. Då vonar eg for di skuld at eg får jobben. Insh'allah!

      Slett
  2. Av likestillings- og integreringshensyn vil det være naturlig at du får denne stillingen. Med mindre det er en kvinne som også har søkt.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er ganske snasen i kvinneklede, så eg kan dekke den kvota òg!

      Slett
  3. De vet ikke hvilken fantasmagorisk flott åndelig leder de får i mullaen. Sufijjuice, halal-bacon og jenka. Kan det bli bedre. Den Avmektige har funnet sin reformator av saueflokken.

    Send søknad!

    SvarSlett
    Svar
    1. La oss vone at Allah fører dei på rett veg i denne saka, ja.

      Slett
  4. Jeg bærer vitne om at det ikke fins noen annen gud enn Allah, at Muhammed er hans profet, og at «Mad» Mullah Hastur kurerte min gallestein bare ved å se meg i øynene, legge hånden på min galle (hvor det nå er) og gjenta trosbekjennelsen 5 ganger. Allahu akbar!

    Hilsen Torgrim Eggen

    [klipp ut og lim inn i søknad]

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Torgrim, eit slikt vitnesbyrd kan dei ikkje ignorere!

      Slett
  5. Jeg har tilogmed fått lov til å håndspålegge Hans Herlighet på Fars - på hodet...om noen skjønner hva jeg mener. Broder Kåbe kan synge og bevitne dette.

    SvarSlett
  6. Dette kan jo ikkje gå galt. Kjør på!

    SvarSlett
  7. Jeg tror all skepsis mot islam og imamer ville forsvinne umiddelbart med en så bamsete og eklektisk bacon-mullah som Oh Bjørkelo. Og han er jo Norges mest kjente frittgående Mullah!

    SvarSlett
  8. Bjørke-who? Blandar du personar no?

    Men utover det knabbar vi omtala av oss! Fordi vi vil ha den!

    SvarSlett
  9. Beklager, Oh Mullah. Jeg har jo truffet en av dere. ;/o

    SvarSlett
  10. Dette skal fra nå av bli min søknadsmal *jeg-dævver* xD

    SvarSlett
    Svar
    1. Då garanterar eg deg ei suveren karriere!

      Slett
  11. hmmm,
    Jeg tror du bør tone ned (ja kanskje til og med utelate) din status som profet. Hvis jeg ikke tar helt feil er det nok folk i den valgkomiteen som svært bestemt mener at Mo var den siste av slagsen. Og at akkurat den saken kan virke forstyrrende på en ellers sterk søknad.

    Før øvrig venter jeg i spenning på hva slags form det takknemlige svaret fra moskeen vil anta.


    Cassanders
    Half the lies they tell about me are true
    S.Gorn's Compendium of Rarely Used Clichés

    SvarSlett
    Svar
    1. Vi venter framleis på svaret... vi ser ingen grunn til å tone ned at vi faktisk er ein profet. Det signaliserar at dette er eit bidrag til ikkje berre å fornye moskeen, men òg ummaen - på sikt iallefall.

      Slett