tysdag 30. oktober 2012

Star Wars solgt til Disney

"Eg vil at Star Wars skal leve vidare etter meg", fortel George Lucas og sel unna rettane til den ikoniske filmserien og det utvida universet, i lag med resten av hans mektige filmimperium, Lucasfilm ltd. Ein ny Star Warsfilm, produsert av Lucas og Disney, "episode 7", er planlagd for premiere i 2015.

Eg lurte først på om kanskje nokon hadde lurt i meg ei pille.

Så lurte eg på om det var første april.

Så lurte eg på dette med pille att. Kanskje Lucas hadde fått i seg noko.

Men der har vi det altså folkens. For fire milliardar dollar har altså megaselskapet Disney kjøpt opp ein av dei mest lukrative eigedomane i Hollywood. Sjølve anti-Hollywood-Hollywoodselskapet, Lucasfilm. Og med på kjøpet. Star Wars. Star Wars var nybrottsarbeid då dei første filmane kom. Eit sant Space Opera epos. Og Lucasfilm har vore i fronten av utviklinga av ny filmteknologi sidan 80-talet.

No er det Disney som skal styre showet. Ein era er over.

Vanskeleg å fatte her eg sitt. Prøver å tvinge ut ei analyse, men alt eg kjem fram til at det eigentleg er passande, med tanke på at Lucas har fått kritikk for å ha disneyfisert både dei gamle og dei nye filmane. The journey is now complete.

Og nye filmar? Kan no det gå så bra? Vil det verte vist omsyn til fansen? Til det utvida universet? Jar Jar sin enorme fanklubb?

Neppe.

Nei, eg må sove på dette. Kva seier de folkens? Har de nokre tankar om dette?

14 kommentarer:

  1. Tja, kan jo ikke skade. Eg mener de gamle filmene blir jo ikke dårligere. Og så har vel ikke Lucas film vært så nyskapende de siste ti årene?... Kanskje gutten Lucas får en ny vår med noen fjell dollar ekstra, kan ikke skade.

    SvarSlett
    Svar
    1. Han burde dele pengar med moskeen. Vi er snille.

      Slett
  2. Du har lyst til å erklere jihad. Bare innrøm det. Få det ut.

    SvarSlett
    Svar
    1. Næhei! Eg innrøm ikkje det, tenk! Eg er ein fredsæl mulla!

      Slett
  3. Det betyr i alle fall at Lucas ikkje regisserer fleire Star Wars-filmar. Det er jo ikkje så dumt. Og vi får fleire filmar. Ikkje så dumt det heller, sjølv om det kjem an på kvaliteten.

    Det som er synd, er at vi truleg no kan sjå langt etter ei meir vaksen utforsking av Star Wars-universet. Vi får neppe den meir skitne og rufsete Star Wars'en vi har ønska oss. Familie-Star Wars vil halde fram.

    Så er det òg interessant om det ligg klausular i dette salget. Står Disney no fritt til å gjere som dei vil med Star Wars eller vil universet framleis bli passa på. Blir det no fri flyt av Disney/Star Wars crossovers eller skal Star Wars vere Star Wars.

    Det var i alle fall ei overrasking dette og eg er langt i frå sikker på om eg vil like utfalle av det.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tenk deg kva dette har å seie for expanded universe! Trur du dei bryr seg om den tumleplassen post-ROTJ Star Wars har vore for forfattarar så langt? Oh lordy lord.

      Star Wars vert nok verande Star Wars. Som Bjørn seier i kommentaren under, så lar Disney stort sett underavdelingane sine vere i fred.

      Slett
  4. Disney har tilsynelatande lete Marveluniverset fullstendig i fred, vel vitande om at dei som kan Marvel best, er Marvel sjølv. Eg reknar med vi kjem til å sjå ein liknande symbiose med Lucasfilm; alt tydar på det i og med at Lucas sin eigen handplukka Kathleen Kennedy er med på kjøpet som president for LF. Den einaste crossoverplatformen blir nok Kingdom of Hearts. ja og Disneyland sjølvsagt, og elles blir det Lucasfilmgjengen sjølv styrar showet. Det er jo ikkje akkurat som om dei IKKJE genererer shitloads of cash berre dei viftar med hendene, og Lucas har jo kjørt på med meir spin-off-produkter for barn enn Onkel Walt nokon sinne drøymde om, så no change there. Pokker heller, eg har eit lass av det her heime.

    Lucasfilm hadde aldri planar om noko skitnare Star Wars uansett kva Christian har drøymd om (med mogleg unntak av Sopranos on Tattooine-serien dei heldt på med, som vi veit veldig lite om, og OM den i det heile kjem; det ser jo ikkje sånn ut), så det hadde ikkje blitt meir SW på oss uansett, ikkje på film. Alt utover det må kunne sjåast på som ein bonus. Kan vi akseptere at Prequels eksisterer, kan vi akseptere alt. Phantom Menace ER jo praktisk talt ein Disney-film; til og med Langbein er på plass, det kan ikkje synke djupare enn den filmen (uansett kva Mullahen måtte meine). Ikkje at dette betyr at ting blir BETRE, det blir berre ikkje verre enn noko vi allereie kjenner.

    For øvrig, Dark Horse eig fortfarande lisensen til SW teikneseriar, så det kjem til å halde fram. WB har Clone Wars: ditto.

    Her er det altså liten grunn til å bekymre seg: som Arne sa, dei gamle filmane blir jo faktisk ikkje dårlegare.

    Jo, forresten, éin grunn til å bekymre seg: Eit av dei ondaste selskapa i verda kom eitt steg nærare sin plan for monopol på underhaldning. DET er det skumle her. Nokon må ringe Johnny Mnemonic!

    SvarSlett
    Svar
    1. Star Wars TV-serien er tydlegvis lagt på is. Det vart nok for komplisert, og vanskeleg å finansiere. Sjølv om til dømes Netflix eller HBO hadde vore perfekte stadar for noko slikt.

      Ein kan seie kva ein film om dei nye Star Wars-filmane... berre ein ikkje køddar med Jar Jar. Jar Jar er perfekt!

      Slett
    2. Lucas sjølv sa i eit intervju at dei hadde vore for optimistiske kva angår ny teknologi. Der dei hadde sett for seg at nymotens CG-effekter kunne gjere det lett å omsetje tankane deira til filmist realitet, ved å filme stort sett alt til green screen med såkalt slave camera-funskjon (noko Jackson har brukt i store mengder i Hobbiten), har det vist seg at det fortfarande er alt for, alt for dyrt for fjernsyn. I følgje Lucas ville dei vente og sjå an utviklinga, då dei reknar med det vil bli realistisk å gjennomføre til overkommeleg pris i framtida. Så får vi sjå, med tanke på at Disney har opna pengepungen for Marvel-tv-seriar (Whedon sin S.H.I.E.L.D. og Guliermo Del Toro sin Hulken) kan det tenkjast at dei også dryssar litt draume-manna på Star Wars.

      Slett
  5. Har spillene blitt med i denne pakken?

    SvarSlett
    Svar
    1. Jupp. Alle underavdelingar av Lucasfilm, inkludert LucasArts.

      Slett
  6. Som betyr full sirkel for Monkey Island, som var inspirert av Pirates of the Caribbean-installasjonen i DisneyLand, og som vidare inspirerte Pirates of the Caribbean-filmane til Disney. The mind! It boggles!

    SvarSlett
  7. Alt jeg vil ha er en reutgivelse av grim fandango :(

    SvarSlett
  8. Hvis manuset til en Star Wars-film kunne blitt skrevet av noen med en sjef igjen, hadde det vel i det minste ikke kunnet skade

    - er vel alt jeg tenker om saken.

    SvarSlett