søndag 18. november 2012

Å gå sin eigen veg

Å vere unik, det er eit krav i desse dagar. Vi skal vere så spesielle, og utmerke oss alle i hop, at det å definere seg sjølv vert eit livsverk som går på bekosting av alt anna. Vi skal vere unike små snøfnugg.

Og vi oppmodar til det. Heile forbanna tida. Vi hausar opp dei som våger å seie det ingen andre våger å seie. Uansett kor vanvittig det dei seier er, eller kor påviseleg feil det er. Denslags er detaljar. Det viktigaste er at dei er seg sjølv, at dei seier det første som kjem inn i den tresponfylte skallen deira, og ALDRI innrømmer feil. Det er simpelthen veldig viktig at dei aldri lytter til motargument, eller aksepterar motbevis (Ayn Rand, anyone?). For då sluttar dei å vere spesielle, då sluttar dei å vere unike. Dei må ha bein i nasa må du vete.

Ei som har demonstrert gong på gong at ho har desse kvalitetane, og meistrar å vere så jæææævla spesiell og unik er Ingunn Røiseland frå Tøyseland, kjendt frå Vaksineaksjonen for eit par år sidan, der ho hevda at det heile var ein konspirasjon for å plante microchip i oss alle saman. Sidan den gongen har ho berre blitt enno meir spesiell, det er berre å google. Hennar siste utspel er at etter ho har møtt så mykje motstand, det vil seie telegram frå den verkelege verda, så har ho bestemt seg for å bevare sin unike natur ved å melde seg ut av landet. Ho vil ikkje lenger ha norsk statsborgarskap. Flott det, veldig unikt og spesielt og alt det der, skikkeleg snøfnuggmaterial. Problemet er at det får ho ikkje lov til av slemme onkel Stat.

Ikkje at det bryr meg så mykje. Det som bryr meg er kvar ho får desse ideane sine ifrå. Dei som har følgd dette alternativmiljøet ho vankar i veit at konspirasjonsteoriane der er i stor grad henta frå den verkeleg ekstreme høgresida i USA der jødehat og vanvidd går hand i hand. Røiseland er ikkje eit unntak, og dette siste prosjektet hennar har jo henta dreieboka si frå denne gjengen. Eit poeng vår alles kjære John Færseth klarar å hamre på plass i bloggen sin.

Eg hadde eigentleg tenkt å la det liggje der, men så dukka ein annan favoritt i moskeen opp på Facebook og kommenterte saka.
Jupp, ingen ringare enn sjølverklærte bloggmamma og alternativ helseguru Trine Grung, slenger seg innom og erklærar at Røiseland er så flott, fordi ho har bein i nasa og våger å tale makta rett i mot. Kvifor er eg ikkje overraska over at dei kjenner kvarandre? Dei må ha møtt kvarandre på piknik i kva enn alternativ dimensjon dei foretrekk å leve i.

Det speler jo inga rolle at Røiseland kolporterar antisemittisk ideologi, eller har tatt fullstendig farvel med den verkelege verda. Det viktige er jo sjølvsagt at ho er seg sjølv, at ho har bein i nasa, og aldri, aldri, aldri høyrer på motargument.

Nett som Tringe Grung sjølv, tenkjer eg?

I følgje Trine Grung så er det å gå sin eigen veg når ein ikkje vil høyre på kva folk seier, når ein lider av paranoide vrangforestillingar om ein aggressiv statsmakt som forfølgjer deg, og driv medisinske eksperiment. Det er å gå sin eigen veg å tru at jødane, Illuminati og romøgler styrer verda. Det er har ei eigaverdi å hevde noko anna enn det som er sant, å omfamne konspirasjonsteoriar og farlege løgnaktige ideologiar. Fordi då gjer ein ikkje som alle andre. Ein går sin eigen veg.

Ver så snill, Trine Grung. Gå din veg. Til Tøyseland. Hels Trollmannen av Oz.

Eg tar den statsfinansierte motorvegen.

5 kommentarer:

  1. Jeg er faktisk helt ute av stand til å si noe fornuftig om dette her. Annet enn at jeg også driter i hva Røiseland gjør, sånn i det store og hele. Problemet er hvor hun henter tankegodset. Og at så mange heier på henne og bejaer det hun gjør, uten å ta seg bryet med å gjøre noen enkle Google-søk. For hun er så tøff og selvstendig.
    Flere og flere følger «sin egen vei.»
    Det er livsfarlig. Og det vitner om at vi rett og slett har det så forbanna godt her.

    Hilsen Caterina Cattaneo

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg vil gjerne og drite i kva Røiseland gjer, men når ho valsar rundt på fjernsynet og bablar om microchipper i vaksiner eller kolporterar antisemittisme på Trygdekontoret på NRK, så det greit å notere seg kva ein har med å gjere.

      For det er livsfarleg. Og det er ein luksussjukdom.

      Trine Grung utviser berre sitt heilt vanlege skjønn i denne saka. Dama er berre totalt uinteressert i fakta, og meir opptatt av folks "personlege reise" enn kvar dei hamnar.

      Slett
  2. Livsfarlig, luksussykdom. Det dekker alt. Synd det er så mange som ikke ser det. Man får lyst til å skrike litt.

    CC

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er difor vi her i moskeen har dette nyhendebrevet. Sjølv om eg personleg har lyst til å steine nokon.

      Slett
    2. Kudos til dere som klarer/orker å spre noe vettugt om dette.

      cc

      Slett