torsdag 20. desember 2012

Er du klar for dommedag?

Vi skulle så gjerne ha oppdatert bloggen oftare, men vi har vore opptatt med å bygge eit tilfluktsrom i hagen, og fylle det med naudsynt proviant, ammunisjon og hijabporno. I det høvet har vi stukke snuten innom våre vener på Radioselskapet på P2, og snakka om såkalla prepparar og survivalistar. Eit fenomen som alltid er like aktuelt når dommedag er rett rundt hjørnet. De kan høyre kva eg har å seie om det seks minutt inni dette opptaket. Så skulle de òg vere godt førebudd på dommedag.

Og dommedag er jo alltid rett rundt hjørnet må de hugse. Vi menneske er jo litt lettlurte, og ingen lurar oss meir enn oss sjølve. Vi ser meining i menneskeskapte system nett som det er. Og desse såkalla Mayaspådomane er jo eit døme på dette. Vi er simpelthen ganske kørka, noko mitt alter ego, folkloristen Bjørkelo, fortel om i denne kronikken hjå NRK Ytring i dag. Del den gjerne vidare til dine vener, dei har ikkje så altfor lang tid på å få lest den.

Så klart, vi har ikkje mykje å frykte. Sjølv Märtha Louise og hennar engleskule er klare på det i dag.
Det største problemet er kanskje at dei mange kommentatorane under denne statusen har brukt opp heile restlageret av hjarte på Facebook. Dette vert årets smørkrise!

Morgondagen vil syne kven som har rett. Om vi er heldige er det Märtha, og vi vaknar opp med alle ny energi, omsverma av velmeinande englar og klar til å verte nye lysvesen. Eller så er det dommedagsprofetane, og vi får endeleg fred frå maset til engleskulen. Eller det er surmaga, bitra rasjonalsitar som mullaen, og vi vert nøydd å kjøpe inn julegåver i år òg.

Det einaste vi veit sikkert er jo at det er Josef Stalin sin fødselsdag i morgon. Og eg har forstått det slik at ein del av våre meir russofile lesarar vil feire denne dagen.

5 kommentarer:

  1. Kjenner eg huslyden rett, vert det mest surmaga lysvesen her i morgon.

    SvarSlett
    Svar
    1. Vi får krysse fingrane for det. Ein lysande bitterhet er det beste.

      Slett
  2. The ice age is coming, the sun is zooming in
    Meltdown expected, the wheat is growin' thin
    Engines stop running, but I have no fear
    'Cause London is drowning, and I, I live by the river

    SvarSlett
  3. Jeg leser at mora til Adam Lanza var en prepper, og blir litt skeptisk til fenomenet.
    http://www.independent.co.uk/news/world/americas/mother-of-sandy-hook-school-gunman-adam-lanza-was-a-prepper-survivalist-preparing-for-economic-and-social-collapse-say-reports-8422298.html

    Da er det godt at den salige Mike Adams kommer inn fra høyre og forteller oss at preppere er de eneste sanne patrioter og er de som redder verden, når myndighetene svikter. Som han sier:
    "Preppers are genuin patriots, they are the heros of america, and they are the one who will be left standing when the next disaster strikes".

    Det er bare å begynne og lagre proviant!

    http://www.youtube.com/watch?v=PqeQcKpZ04g&list=UUAZaby1ZmxU50mfBPnZY0nQ&index=3

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er jo absolutt ingen tvil om at survivalisme og prepparar har sterke band til paranoide miljø på ytterst høgre (og til ein viss grad ytterste venstre) i statane.

      Det er ein veldig amerikansk greie. På same vis som du er dia eiga lukkes smed, så er du òg ansvarleg for din eigen bunkers og overleving. Det er jo difor FEMA er øverst på dei føderalskeptiske miljøa der ute.

      Slett