tysdag 4. desember 2012

Kort om ein mulla

Det er ein ganske ironisk grunn til at det går så lenge mellom kvar gong menighetsbladet her vert oppdatert. Og eg er ganske sikker på at det er irriterande at eg ikkje har tenkt å fortelje kvifor det er ironisk. Ikkje akkurat no iallefall. Akkurat no vil eg snakke om eit Kickstarterprosjekt som er verdt ein titt. Kickstarter er ein av fleire fiffige crowdsourcingplattformar som har dukka opp i det siste. Her legg kreative sjeler ut sine forslag for produkt dei ønskjer å realisere, men som manglar finansiering. Dei som er interesserte i produktet kan love pengar i bytte mot ulike belønningar som varierar i forhold til kor mykje ein lover.

Eit norskprodusert spel som omhandlar noko så familievenleg og dagsaktuelt for moskeens tilhengjarar som alle sitt og klør etter å sette i gang ei apokalyptisk strid. Eit slikt speler lover Yeehawd! The fun family game about Holy War TM å vere.
nettsida finn du mykje bra informasjon om dette økumeniske prosjektet, så eg skal ikkje gå i detalj her. Det viktige er at dei treng pengane dykkar. I det minste dykkar lovnad om pengar. Det er om lag to veker til deadline, og dei er nesten halvvegs i innsamlinga.

No er det klart at eit spel om heilag krig som ikkje inkluderar mullaen vil vere eit trist syn. Noko som vart gjort klart gjennom ein folkeleg oppstand på facebooksidene deira, og produsentane har difor gjett etter. For å motivere dykk alle til å love vekk dykkar pengestønad har dei innført ei belønning som passar moskeens tilhengjarar. Om 20 stykk donerar $51 innan frista, så vil spelet inkludere dykkar alles kjære Mad Mullah Hastur.

Eg oppmodar dykk difor til å gje dykk sjølv ein fabelaktig julegåve i år. Rekn dette som ein donasjon til moskeen eller tilsvarande veldedigheit, gje pengar til Yeehawd! slik som alle gode rettruande gjer.

I tillegg til å gje pengar kan du dele sida deira og oppmode andre til å gje pengar, du kan mase om det på Twitter, dele på Facebook og du kan pinadø blogge om det. Du eig vel ikkje skam? SELG I VEG, KAMERATAR!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar