måndag 7. januar 2013

Abortert forstand

Okay folkens. Benk dykk ned. Finn fram popcorn og notatblokk. Det er på tide å ta i mot eit lys eller to. Ann Coulter fortel deg du treng å vete om gærningane som vil ta frå amerikanarane våpen.

Det er mykje her vi kunne gripe fatt i, men viktigast av alt er sidestillinga av våpenregister og register over kvinner som har fått utførd abort. Kvifor har vi ikkje tenkt på det før? Det er jo klart at ei kvinne som er villig til å begå abort på eit av sine eigne born, sikkert er dobbelt så villig til å abortere andre kvinner sine born. Trur det burde vere openbert for dei fleste. Og ein openber trugsel, ikkje minst. Verst av alt er kvinnene som spontanaborterar, dei må vi iallefall ha litt kontroll på! Snakk om manglande sjølvkontroll! Kan du kjenne deg trygg, vel vitande om at kven som helst rundt deg er villig til å spontant abortere ditt foster??

Vi treng eit register. Vi treng plakatar. Vi treng simpelthen å verte åtvara om denne trugselen. Takk Ann Coulter for at du tenkjer så klart. Vi treng fleire som deg.

Heldigvis har vi i Noreg Nina Karin Monsen og Hanne Nabintu Herland til å passe på oss... og apropos det.


Eg trur kanskje eg spontanabortere i buksa der. Gud som eg gler meg.

3 kommentarer:

  1. Nå synes jeg ideen om å offentliggjøre navn på våpeneiere er usedvanlig lavpanna. Men "two wrongs doesn't make one right."

    Også Nabintu-TV *Grøsse*

    SvarSlett
    Svar
    1. Haha, det bandet hørte eg på før i kveld. http://open.spotify.com/track/3ImnRrHujTpDXwX8SmP5s4

      Slett
    2. Eg skulle gjerne ha offentleggjort namnet på idiotar eg... men det er vel det eg har denne bloggen til.

      Slett