tysdag 8. januar 2013

Hobitt i tåkeheim

Eg gjorde det.

Eg hadde ikkje tenkt til å gjere det.

Eg har for mykje anna eg skulle ha gjort med livet mitt.

Eg burde ikkje kaste vekk tid.

Men eg gjorde det.

Eg såg Hobitten. Eg såg den første av 3 delar av filmatiseringa av ei barnebok du les på ein fin aften. Den varte to og ein halv time.

Eg gjorde det, vel vitande om at dette kom ikkje til å verte ei uventa reise, men ei langdryg reise.

Og pokker heller. Eg likte det.

Eg vart underhaldt. Eg lo tilogmed. Og jenta ved sida av meg spiste ei plastflaske fordi ho tykte det var spennande.

Og best av alt. Var dette.


Og det seier eg ikkje berre fordi eg sitt her og nyt visa i ein tåkelagt by. Det er berre ein ekstra bonus.

8 kommentarer: