tysdag 5. mars 2013

Fest for ei bok! (Oslo-edition)

Du har kanskje fått det med deg? Eller kanskje ikkje? Men skrivealvane til mullaen har satt saman ei bok om norsk blogging. Det siste året har dei vore opptatt med å samle inn gode historier og tekstar frå kjende tryner i Bloggnoreg. Folk som burde vere kjend for dei som har følgd andre bloggar ann dette meinigheitstidsskriftet dei siste ti åra.

I Gi meg en scene gjer vi eit første forsøk på å dokumentere dei første ti åra med norsk blogging. Eg legg ikkje skjul på at det er langt meir å fortelje, fleire detaljar som må avdukast, og fleire stemmer som burde sleppe til, men ein stad må ein jo byrje, og nokon må jo byrje. Så eg vonar sjølvsagt at de alle vil kaste dykk over boka og verte opplyst.

Om enn berre for å vete eit par løyndomar om mullaen. Ja, du høyrde meg... i denne boka kjem du bak maska på den gule konge, vår tids profet. Meg. Korleis kan du la vere å bestille boka med ein gong?

Den einaste orsakinga for å la vere er fordi du vil kjøpe den på ein av festane eg planlegg å tromme saman. Fordi det er kjekkare å kjøpe bøker når ein drikk Cava, så klart. Og fordi ein vil høyre mullaen & co bable. I førstkomande veke slår vi til på Litteraturhuset i Oslo. og alle medlemmer av meinigheita på austlandet bør stille opp, tørste og kjøpeklare og høyre oss erklære bloggen for død!

Det er jo ein viss sjanse for at det vert babla om boka her og der framover, så om det ikkje dukkar opp her på moskeens nettside, så hamnar det vel på redaktørens facebookside, så følg den.

Og nemnte eg ta de skal kjøpe boka? Ja, eg trur det. Hugs det.

4 kommentarer:

  1. Jeg boikotter arrangementet og boka, ettersom den helt fortier en av de viktigste stemmene innen norsk bloggosfære: Bassetbloggerne.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var forlaget! Dei fjerna det 50 siders lange kapitlet om bassetblogging. NRK følgde opp med å klippe det ut av Radioselskapet si sending og. Staten prøver å sensurere dykk!

      Slett
  2. takk for en underholdende seanse :)

    folkesky som jeg er fant jeg meg en finfin plass laaangt bak i lokalet. snek meg stille ut da det var ferdig.

    SvarSlett
    Svar
    1. For svarte då, mann! Eg har jo ikkje sett deg på ei eve! Pell deg attende!

      Slett