torsdag 4. juli 2013

Kjære dagbok

For eg har det tenk. Ei kjære dagbok. Som mulla har eg mange djupe tankar, så private fatwaer som gjeld berre meg og mitt liv. Om ting eg har sett og smakt på. Ting eg har følt og forelska meg i. Ting som foregår langt inni meg, og som eg deler kunn med meg sjølv, og Gud når han snik til seg nøkkelen og les i den.

Og så straffar meg om tankane er ureine.

Noko dei sjeldan er. Eg lovar. Eg har ikkje ureine tankar. Det veit den smågale somalieren, så når ho kom for å bu i moskeen hadde ho med seg den perfekte gåve. Ho hadde med ei ny dagbok til meg. Men ikkje ein kva som helst simpel dagbok.

Eg fekk verdas beste dagbok. Ei putedagbok!
 Seriøst!

Den har alt! Berre sjå her!
Det er ei pute, med innebygd høgtalar til MP3 spelar, slik at eg kan høyre på musikk medan eg held rundt den og vugger fram og attende og messer vekselsvis på Allah og Cthulhu!
Den har låååås! Slik at eg kan halde uvedkommande ute frå mine innerste løyndomar, som eg då sjølvsagt gøymer INNI puta!
Og så har den kalender! Slik at eg kan skrive ned alle mine viktige møter og bønnetider!
Og mange andre fine sider der eg kan skrive ned at eg likar kake og vil reise til Paris og Mecca og slikt!
Og min fantasiar... mine fantasiar... i min draumar kan eg fly som ein sommarfugl!

Og så tåler desse sidene vask! Høyrer du! Eg kan vaske dei! Eg kan vaske vekk tårer, urin og vin!
Og så følgjer det med penner, og ei dagbok så klart... godt gøymd inne i puta.

Sjå kor fin ho er!
Å kjære dagbok! Du er vakrast i verda, la meg halde rundt deg, la meg kose på deg, la meg fortelje deg alle mine løyndomar...

Kjære dagbok, i dag vart eg veldig glad for ei gåve...

14 kommentarer:

  1. Dette er sykt. Voksne menn skal ikke være opptatt av kattunger, de skal være opptatt av basseter!

    SvarSlett
    Svar
    1. Har du tatt dette opp med terapeuten din, min bassetven?

      Slett
  2. Blir dette en enda mer intim Mullah historie? :D

    SvarSlett
    Svar
    1. Så intimt så du berre orker... det er difor eg har lås på.

      Slett
  3. Jeg akter å ha et trassanfall helt til jeg får en sånn jeg også.

    SvarSlett
  4. Eg har sett denne dagbokputa tidlegare, ho vart gjeve som bursdagsgåve til ei åtte år gamal jente. Gjevaren var somalisk, så no undrast eg på om dette er ei vanleg gåve blant somaliarar?

    SvarSlett
    Svar
    1. Det må vere ein stammetradisjon av eit slag, sikkert derivert frå egyptisk kattedyrking. Eg likar Somalia.

      Slett
  5. If I had wings like a butterfly, I would flutter by the Mullah and nest in his beard!

    SvarSlett
    Svar
    1. Naaaaw. Skulle tatt så godt vare på deg der, Sveinklumpen.

      Slett
  6. Så fin! Når jeg kommer over kan vi vise hverandre topp ti listen av gutter vi synes er kjekke også kan jeg flette skjegget ditt!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ryan Gosling er min! Og berre min!

      Slett
    2. men tom hiddelston får du aldri!

      Slett
    3. Kva skal eg med han når eg har Ryan? <3

      Slett